Skriftleg eksamen:
Elevane får vite kva fag dei kjem opp i 16. mai klokka 09.00.
Alt etter kva fag dei kjem opp i er det følgjande datoar som gjeld:
20. mai eksamen matematikk
21. mai eksamen norsk hovudmål
22. mai eksamen norsk sidemål
23. mai eksamen engelsk
Nytt i år er at det ikkje er førebuingsmateriell til skriftleg eksamen.
Her kan du lese meir om skriftleg eksamen: Eksamen (udir)
Munnleg eksamen:
10. juni kl 09.00: Elevane får informasjon om kva fag dei er trekt ut i.
11. juni: Førebuingsdag på skulen, samt rettleiing frå faglærar.
12. juni: Eksamensdag.
Særskild tilrettelegging på eksamen:
Du kan ha rett til å få lagt forholda til rette under eksamen, slik at du skal få vist kompetansen din. Døme på at du eller andre elevar kan ha ein slik rett, kan vere allergi, lese- og skrivevanskar, synsvanskar, hørselvanskar eller talevanskar. Døme på tilpassing kan vere at du får utvida tid. Eksamen er universelt utforma, så alle har mulegheit til å lytta til oppgåveteksten.
Tilrettelegginga skal ikkje vere så stor at det ikkje er mogleg for sensor å vurdere kompetansen din.
Særskilt tilrettelegging er rektor si avgjerd, men du har mulighet til å klage på avgjerda. Statsforvaltaren i Rogaland handsamar klagen.
Viss ditt barn har behov for særskild tilrettelegging på eksamen må du søkje om dette til rektor innan 1.mai. Hugs å få med:
- Namn på eleven
- Om søknaden gjeld skriftleg eller munnleg eksamen, eller begge deler
- Grunngjeving for kvifor han/ho treng tilrettelegging
- Dokumentasjon om du har
Søknad kan sendast til rektor på e-post til iselin.gjaere.lothe@time.kommune.no.
Her kan du lesa meir informasjon om eksamen og korleis den blir gjennomført.