Meny
Velg trinn/seksjon Nye 8.trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Takk for godt oppmøte på foreldremøte i går. Her finn dokke presentasjonen.

Minner om at elevane må senda inn søknasskjema om valfag  og språkfag innan 24.mars. Sjå meir informasjon om valfaga i artikkelen under her.

Ta kontakt dersom det er noko dokke lurer på. Kontaktinformasjon finn du her.


Her er ei skildring av kva valfaga kan innehalde:
Video med glimt frå valfaga

Fysisk aktivitet og helse: I dette valfaget driv me ulike idrettar og aktivitetar. Me er både inne og ute. Me har også teori om kosthald og fysisk aktivitet. Du må vera førebudd på å sykla, bada, jogga og mykje anna.
Innsats for andre: I dette faget jobbar me med medborgarskap i praksis: me bidreg gjennom praktisk arbeid til eit eller fleire gode formål som klassen finn i fellesskap. Tidlegare år har elevane mellom anna samla inn pengar til gode formål, plukka søppel, rydda hagar på Bryne og gjort ein innsats i ein frivillig organisasjon.
Design og redesign: I valfaget Design og redesign skal elevane få utvikla kreativitet og skaparglede gjennom å utvikle eit eller fleire produkt frå idéfase til ferdig produkt. Faget legg vekt på det å øve elevane si bevisstheit rundt gjenbruk og det å bruke forkasta materialar i nye samanhengar. Elevane er med på å utvikle fleire av oppgåvene.
Utvikling av produkt og tenester: I dette faget arbeider de med produksjon og sal av mat til kantine. Du må like å lage mat, og du må kunne samarbeide med andre.  Du skal lære å føre rekneskap, lage reklame og å planlegge arbeidet.
Programmering: Syns du at teknologi og programmering er interessant? I programmering valfag får du arbeida med programmering av mellom anna ulike robotar som Lego Mindstorms og Microbit. Du lærer å bruka ulike programmeringsspråk til å løysa ulike utfordringar.
Friluftsliv: I dette faget skal me vise respekt for vêr og natur ved å kle oss godt, pakke sekk og planleggje turar ut ifrå eigne føresetnader. Me må lære å nyte og ta vare på naturen. Me kan plukke blomar, bær, sopp, lage leirplass og bade, men alltid hugse på sporlaus ferdsel.
Produksjon for scene: Produksjon for Scene er eit fag for alle dei som er glad i scenekunst. Dette kan bety både teater, dans, musikk og andre ting som du kan framføre, men det handlar også om det å skape ei meining om førestillingar og framføringar. PfS handlar om det som skjer på scenen, men også like mykje det som skjer bak i kulissane.


Me er i full gang med å planlegga og legga til rette for dei nye elevane som skal starta opp hos oss i august. 

Første foreldremøte blir måndag 10. mars kl. 18.00 i aulaen på Bryne ungdomsskule.  
Her vil de få informasjon om skulen vår, valfag og språkval.  
Me besøker barneskulane dagen etterpå, slik at barna dykkar får same informasjonen. 

Andre foreldremøtet om oppstarten i august, vil me ha måndag 16. juni kl. 18.00, på same stad.  
Dei nye elevane blir inviterte til å koma tysdag 17. juni, for å treffa klassen, lærarane og sjå klasserommet sitt.  

Me gledar oss til ny oppstart og til å møta borna dykkar.  

Vennleg helsing alle vaksne på Bryne ungdomsskule.  


Me er i full gang med å planlegga og legga til rette for dei nye elevane som skal starta opp hos oss i august for skuleåret 2025/2026.