Meny
Velg trinn/seksjon 8. trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Her finn du lenker til vekeoversikten, vekeplanen og årshjul.

Vekeoversikt v. 10

Vekeplan v. 8-10

Årshjul 8. trinn

Valfagsskjema neste skuleår

 

Olweusundersøkinga 8.trinn

I 2025 blir Ungdata-undersøkinga gjennomført i Time kommune blant elevar i 8.- 10. klasse. Undersøkinga går føre seg på skulen i løpet av veke 13. Målet er å få ei oversikt over korleis ungdom har det og kva dei driv med i fritida. 

Valfag 9. trinn 
Elevane kan velja nytt valfag kvart år. På måndag skal elevane få informasjon om kva valfag dei kan velja i mellom. Innan fredag må ei gjera valet for kva valfag dei skal ha på 9. trinnet. Elevane har nå meir kjennskap til ungdomsskulen og valfag, så det vil ikkje vera mogleg å byta valfag på same måte som det har vore på 8. trinnet. Det er viktig at elevane vel valfag etter interesse, og at ein ikkje vel det som vennane vel. Ta ein prat om dette heime. Lenke til søknadskjema finn ein på heimesida. 
 
Olweusundersøkinga 
Etter vinterferien skal me gjennomføra Olweusundersøkelsen her på skulen. Her får elevane spørsmål om korleis dei har det på skulen. Me bruker resultata som ein del av anti-mobbearbeidet vårt. Meir informasjon om undersøkinga finn ein på heimesida. 

Elev- og utviklingssamtalar 
I veke 10-12 vil kontaktlærarane gjennomføra elevsamtalar. I veke 13-15 blir føresette inviterte til utviklingssamtalar. 

God vinterferie 
Veke 9 er det vinterferie. Me håpar alle bruker tida godt for å lada batteria. God ferie!  

Det blir ulike aktivitetar på Møllekjellaren i vinterferien. Sjå vedlagt info. 

Bryne ungdomsskule er ein Olweusskule, det vil seia at me arbeidar jamnt og trutt med antimobbearbeid etter Olweusprogrammet. 

I veke 10 og 11 vil me gjennomføra ein ny Olweusundersøking på alle trinn.


Årets resultat er klart! Me klarte å samla inn heile 79.045 kr til Hei verden!

Hilsen fra Hei verden:
Tusen takk for flott solidaritetsinnsats for Hei verden. Deres innsats er utrolig viktig for oss, og vil være med på å sikre retten til utdanning for barn som lever i fattigdom i Zambia, Peru og Bangladesh.

Utdanning er nøkkelen til en bedre framtid, og med deres hjelpskal vi bidra til å :
-sikre jenter rett på utdanning
-se til at urfolksbarn får gå på skole og at de får undervisning på sitt eget morsmål
-jobbe for at barn med funksjonsnedsettelse skal få tilrettelagt skolehverdagen slik at di også får en utdanning
-gi lærerne riktig kompetanse og gode arbeidsforhold
-styrke sivilsamfunnet

Vennlig hilsen Hei verden

Foreldremøte
I sist veke hadde me foreldremøte nr 2 i opplegget frå «Sterk&Klar». Det var igjen eit veldig bra
møte, der føresette fekk veldig god informasjon og var med i samtalegrupper. Det var kun 25 av
125 føresette som kom, og me og føresette hadde håpa på at fleire kom på møtet. Det kjem fram
i møtet kor viktig det er at alle føresette snakkar i saman og drøftar reglar og koss me skal
handtera ulike utfordringar i ungdomstida.
For at me skal få til endringar i samfunnet må alle vera med. Dei færraste får alvorlege
utfordringar med eigne barn, men med god kunnskap kan du vera ein viktig person for til dømes
ditt barn sine venner, slektningar, eller naboar. “It takes a village to raise a child.”

Vinterball
Me hadde eit flott vinterball med kjekke og greie elevar. Me ynskjer å takka alle føresette som
var med som vakter, slik at det blei trygt og godt for alle elevane.

DKS- SAU
På måndag skal alle elevane på 8. trinn få gå på kino og sjå filmen "SAU". Det er Den kulturelle
skulesekken som inviterer oss på kino. Filmen «SAU» handlar om nokon som driv eit sauebruk i
Nordland på ein gamaldags måte, om det tradisjonelle jordbruket i møte med ny tid og nye krav,
om korleis våre krav til produksjon går ut over dyrevelferd og balansen i naturen me er ein del
av.

Foreldremøte 22. januar 
På onsdag er det eit nytt foreldremøte ved “Sterk&Klar” kl 18.00 i kantina. Sjå tidlegare sendt informasjon på Visma. Hugs å melda deg på til møtet. 
 
Vinterball 
Elevrådet vil ønska alle velkommen til vinterballet torsdag 23.01.25. Det vil vera kafé i kantina etter at alle trinna har fått pizza og brus. I mingleområdet i 3 etasje blir det sett ut spel og me vil også ha oppe bordtennisbord. I gymsalen er det laga til diskotek. 
 
8.trinnet skal koma kl 18.50. Då skal dei først kryssa seg av på ei liste, før dei kan gå inn i kantina og få brus og pizza. Deretter går dei opp i klasserom merka med 8.trinn, for å leggja frå seg jakke og sko. 
 
Det er mogleg å bruka DiggiPay dersom de vil kjøpa noko i kantina etter at maten er ferdig. 

Terminkarakterar 
På måndag 20.01 blir terminkarakterane publiserte for hausten 2024. Dei vil vera tilgjengelege i Visma frå kl 14:15. Det er viktig at elevane les dei skriftlege tilbakemeldingane frå faglærarane. Her får eleven vita korleis dei skal vidareutvikle seg i faga. 

Elevrådet vil ønska alle velkommen til vinterballet 2025!

Under finn du ei oversikt over kva som skjer. Det vil vera kafé i kantina etter at alle trinna har fått pizza og brus. I mingleområdet i 3. etasje blir det sett ut spel og me vil også ha oppe bordtennisbord. I Gymsalen er det laga til diskotek.

Me har eige fotorom fordi me ikkje ønsker at det blir filma og tatt bilder andre stader under ballet.
Vinterballet er alkoholfritt og det vil bli tatt vilkårlege testar med alkometer.
Til slutt vil me minna om at alle har ansvar for at alle skal ha det kjekt på ballet!

Oppmøte for dei ulike trinna ved hovudinngangen: 
18.50 8. trinn 
19.10 9. trinn
19.30 10. trinn

20.00 Velkommen og opning av ballet i gymsalen.
20.30 Kiosk i kantina er open. Fotoshoot i stort møterom i 2. etasje.
21.30 Kåringar i gymsalen
22.30 Takk for i kveld.

Det er mogleg å bruka diggipay dersom de vil kjøpa noko i kantina etter at maten er ferdig.

Vipps 150 kr til 546674

- Merk betaling med vinterball, navn og klasse
- Frist for betaling er 17. januar


Godt nytt år! 
Me håper alle har hatt ein fin juleferie, og me ynskjer alle eit godt nytt år! Me håper elevane er klare for å læra mykje og at me får eit kjekt år i saman.  
 
Terminslutt 
Me er nå inne i siste vekene før terminslutt. Alle karakterane blir sette etter veke 3, og elevane vil sjå karakterane i Visma måndag 20. januar kl 14.10 
 
Påmelding til foreldremøtet 
Det blir eit nytt foreldremøte med “Sterk & Klar” onsdag 22. januar kl 18.00-19.30. Det er påmelding til dette møtet digitalt. Informasjon om møtet er sendt digitalt på Visma før jul. Meld deg på: www.sterkogklar.no 
 
Vinterball 
Torsdag 23. januar skal det vera vinterball for heile skulen. Det vil bli pizza og brus, dans i gymsalen, kåringar, bordtennis, gamingrom og brettspel. Meir info og påmelding kjem snart. 

Me ynskjer elevar og føresette ei god jul og eit godt nyttår!
Takk for godt samarbeid i året som har gått.

Første skuledag etter nyttår er fredag 3.januar.



Temaveke 
Elevrådet arrangerer temaveke i veke 51, der elevar og vaksne skal kle seg ut etter ulike tema kvar dag. Det er frivillig og delta, men me oppfordrer til å vera med. Det blir premie til beste klasse, der premien å spela paddletennis. 
 
Temadagane er slik: 
Måndag: fotballdrakt 
Tysdag: rosa 
Onsdag: galla (fine klede) 
Torsdag: gender switch 
Fredag: pysj 

Adventssamling og julegudsteneste 
På onsdag 18. desember skal me ha ei adventsamling i aulaen, og samtidig skal det vera julegudsteneste i kyrkja. 10. trinnet har ansvaret for begge samlingane, og elevane skal delta i gjennomføringa. Føresette har samtykka i Visma om ein vil gå i kyrkja. Har ein svart “Nei” i Visma, vil elevane gå på adventsamlinga i aulaen. 

Siste skuledag 
Fredag 20. desember vil ha ein litt alternativ dag. Det blir aktivitetar klassevis i 1. time og litt i 3. time. I 2. time skal me ha julekos i aulaen for heile trinnet med finale i bordtennisturneringa me har hatt nå i desember. I 3. time skal me gå rundt juletreet. Etter lunsj skal me ha volleybalturnering i Timehallen, der alle elevane er med og er delte inn i jamne lag. 
 
Juleferie 
Siste skuledag før jul er fredag 20. desember, og første skuledag etter juleferien er fredag 3. januar. 
 
Kantina delvis stengt 
I veke 51 og i veke 1 vil det ikkje vera sal av mat. Ein kan kun kjøpa meieriprodukt så lenge det er varer igjen. Hugs å ta med matpakke og drikke desse dagane. 
 
Me ynskjer alle ei fin jule- og nyttårsfeiring, og me  ynskjer alle eit godt nytt skuleår på BUS! 

Hei verden
På onsdag hadde me ein flott Hei verden-kveld med både aktivitetar, førestilling med song og
dans, kafe og loddsal. Tusen takk for bidrag med både pengar og mat/drikke til kafeen. I
skrivande stund har det kome inn over 52.000 kr. 10. trinnet har “jobb ein dag” i dag, så me er
spente på kor mykje sluttsummen blir!

Besøk av Politiet
På torsdag får me besøk av Politiet som skal ha eit undervisningsopplegg om nettvett. Politiet
presenterer undervisningsopplegget «Delbart? og/ eller Dele=å delta ( deling av
voldsvideoer)», der elevane vil sjå eksempel på delingar som kan vera straffbare og kva ein
har lov til å gjera på nettet.

Desember på BUS
I neste veke startar me opp med juleførebuingar. Me pyntar litt i klasseromma og lærarane er i
gang med å planleggja ein aktivitetskalendar for elevane. Det vil vera ein liten aktivietet kvar dag,
men me kjem til å ha masse undervisning heilt fram til jul. I siste veke før jul er det adventsamling
eller julegudsteneste. Det er valfritt kva ein vil gå på. I tillegg held elevrådet på med å førebu
temadagar for heile skulen. Siste skuledag blir det juleturnering i Timehallen og kanskje kjem
lusia med lussekattar! Me gler oss til ei kjekk førjulstid!

Onsdag 27. november kl 17-19 skal 8. trinnet arrangera Hei verden-kveld. Dette er ein innsamlingsaksjon for vårt solidaritetsarbeid til skulen. I år samlar me inn pengar til Hei verden sitt arbeid i Zambia. På heiverden.no kan ein lesa meir om prosjektet. Me håper foreldre, sysken, besteforeldre og vennar har lyst å koma denne kvelden.

Kva skjer? 

Oppmøte
Elevane møter kl 16.30 for å gjera alt klart.
Dørene opner for gjester kl 17.00.

Aktivitetar
I alle klasseromma på grønt og blått er det mange aktivietar og konkurransar. Me oppfordrar å besøka fleire klasserom.
Pris 10 kr pr aktivitet

Kafe og loddsal
I kantina er det kafe med sal av gjærbakst, kaker, mandariner, kaffi og saft.
Pris 10 kr pr stk
I gangen ved administrasjonen er det loddsal med mange flott premiar.
Pris 20 kr pr lodd

Nokre føresette har fått i oppgåve av foreldrekontaktane å ta med mat/drikke til kafeen. Fint om elevane tar dette med kl 16.30.

Konsert med sang og dans
Kl 17.45 er det konsert i aulaen for 8A+8B+8D
Kl 18.45 er det konsert for 8C+8E
Det er gratis inngang, men om ein ønskjer det, kan ein betala ein frivillig sum.

Betaling
Me ønskjer at all betaling er med klyppekort.
Dette for å ha minst mogleg kontantar i omløp.
Ved administrasjonen og ved aulaen vil det vera sal av klyppekort.
Betaling skjer helst med vipps, men ein kan og betala kontant.
NB! Elevar kan ikkje vippsa til organisasjonar, så om elevar kjem aleine, så må dei ha med kontantar.
Klyppekorta er på 10 klypp a 100kr, men ein kan og kjøpa for ein mindre sum.


Arrangementet er ferdig kl 19.00.
Gjester må då forlata skulen, og elevane skal vera igjen å rydda.

Arrangementet er obligatorisk for alle elevane, og elevane vil få avspasering til våren.

Hei verden 
Måndag startar me opp med kick off i aulaen, der ein representant frå Hei verden kjem og informerer om prosjektet. Elevane skal læra om solidaritetsarbeid, Hei verden sitt arbeid og  Zambia som er landet me samlar inn pengar til. Trinnet er i gang med planleggja konsert, aktivitetar i klasserommet, pynting av klasserommet og loddsal. Me håper sysken, foreldre og besteforeldre vil koma onsdag 27. november kl 17-19 på Innsamlingsaksjonen. Meir informasjon om opplegget kjem måndag 25. november. 
 
Gudsteneste og adventssamling 
Onsdag 18. desember skal BUS arrangera gudsteneste og adventsamling. Elevane i samråd med føresette kan velga kva for eit arrangement dei vil vera med på. Føresette går inn på Visma, og gjer samtykke til om dei skal vera med på gudsteneste. Svarer ein nei til gudsteneste vil elevane vera med på adventssamling på skulen. 

Utviklingssamtalar 
Dokke får innkalling til utviklingssamtale med kontaktlærar i løpet av november. Eleven skal vera med på samtalen. Det er forventa at dokke på førehand har vore inne på Foreldreportalen i Visma Flyt skole og lese framovermeldingane i dei ulike faga. 
 
Elevundersøkinga 
I dei komande vekene skal me gjennomføra elevundersøkinga på heile skulen. Me bruker svara på undersøkinga til å jobba målretta med skulemiljøet og trivselen til elevane. Det er frivillig å svara på elevundersøkinga, men me ønsker helst at alle deltek, og svarer ærleg og så godt dei kan, slik at me har mest muleg rett informasjon når me skal jobba vidare med dette. 
 
Elevbedriftsmesse 
9. trinnet er i full gang med produksjon og sal av varer og tenester i elevbedrift. Onsdag 13.november arrangerer dei ei messe i gymsalen kor bedriftene får vist fram produkta sine. Me skal få besøka messa i 6. time, der elevane får inspirasjon til dei sjølve skal ha elevbedrift neste år. 
 
Innsamlingsaksjon Hei verden 
Skulen samlar kvar haust inn pengar til Hei verden sine bistandsprosjekt rundt om i verda, og i år har me valgt å støtta prosjekta dei har i Zambia. 
 
Trinna samlar inn pengar på ulike vis. 10. trinnet jobbar ein dag og 9. trinnet skal ha bøsseinnsamling. På 8. trinnet skal me ha ein open kveld med masse aktivitetar, cafe og loddsal. Meir info kjem, men set av dagen: onsdag 27. nov kl 17-19 
 
Planlegginsdag 
15. november har lærarane planleggingsdag, og elevane har fri denne dagen. 

Iselin Gjære Lothe er tilsett som ny rektor ved Bryne ungdomsskule.

Ho jobbar i dag som avdelingsleiar på 9. trinn ved skulen. Ho har vore tilsett ved skulen sidan april 2020.

Ho er engasjert i skuleutvikling og eleven si læring og gler seg til å ta fatt på jobben som rektor ved BUS allereie frå 1. november. 


«Sterk&Klar tilbyr alle 8. klassinger muligheten til å inngå en kontrakt om en rusfri ungdomsskoletid. Hvis ungdommen holder avtalen i alle tre årene, er de med i trekningen av en premie på kr. 20 000. Det er dere som er foresatte, som inviterer ungdommen deres til å skrive kontrakten. Dette er en ypperlig anledning til å snakke sammen hjemme om ungdomstiden og rusmidler. Husk at jo flere som er med på kontrakten, desto lettere er det å jobbe aktivt imot drikkepress i ungdomsmiljøet.
Lenke til skjema for utfylling av Ungdomskontrakten: Kontrakt Sterk&Klar

Viktig informasjon til foreldre frå politiet:

Situasjon

Politiet har den siste tiden sett at en del ungdommer gjør endringer på EL-sykkel sin, slik at sykkelen går mye fortere. På den måten endrer også klassifiseringen av framkomstmiddelet seg. Politiet ønsker derfor å informere foreldre, slik at vi kan forebygge både ulykker og bøter for ulovlig bruk.

Når man endrer ytelsen slik at man kjører over den tillatte hastighet så endrer man også klassifiseringen på kjøretøyet. Det betyr at man vil kunne bli straffet som om man kjører moped eller motorsykkel.

De senere årene og spesielt de siste månedene har det vært en økning i bruk av EL-sykler som modifiseres til å bli klassifisert som moped. Modusene her er at ungdom kobler ut en ledning rett under "salen" som gjør at fremkomstmiddelet går fra å være en EL-sykkel til en moped. Hastigheten går da til å være 30-50 km/t uten pedalkraft. Det er mulig å påvirke hastigheten på andre måter ved eks å bytte batteri eller koble andre ledninger.
Disse kjøretøyene bruker ungdom både på torget, på sykkel og gangsti og i kjørebanen. Det har vært flere klager fra innbyggerne om uaktsom kjøring med disse kjøretøyene.
Kjøretøyene brukes uten hjelm og det er stort skadepotensiale både for fører og tredjeperson som er gående eller syklende. Politiet er kjent med at disse kjøretøyene brukes til og fra skolen.
Politiet vil ha fokus på denne utfordringen i tiden fremover og vil opprette straffesaker på ulovlig bruk. Politiet ønsker derfor å være i forkant med å informere foreldre om regelverk. Vi håper at dette fører til at dere kan forebygge selv før politiet må opprette straffesak ved kontroll av kjøretøy som det har blitt gjort endringer på.
Regelverk

· En EL-sykkel er en tråsykkel som er påmontert en hjelpemotor. En vanlig EL-sykkel kan ha en hjelpemotor med nominell effekt på høyst 0,25 kW.
· Motorkraft uten bruk av pedaler skal opphøre ved 6 km/t.
· Når man trår med pedaler skal effekten til hjelpemotoren gradvis reduseres, og opphøre helt ved 25 km/t.
· Det er noen som kobler om disse slik at man kan bruke disse helt eller delvis uten å bruke pedaler. Dette er ikke tillatt, og kan medføre straff og inndragelse av sykkelen.
· Det er også noen som monterer egne batterier eller på andre måter endrer sykkelens ytelse, slik at de kan gå langt over 25 km/t enten med eller uten hjelp av pedaler. Når man endrer ytelsen slik at man kjører over den tillatte hastighet så endrer man også klassifiseringen på kjøretøyet. Det betyr at man vil kunne bli straffet som om man kjører moped eller motorsykkel.

Med hilsen

Seksjon for forebyggende og patrulje Jæren politistasjon


Refleks 
Alle elevar i Time kommune har fått utdelt ein refleks i samband med refleksdagen. Det er ganske mørkt om morgonen no, så me oppmodar alle om å bruka refleks. Sjekk også at dokke har lys og refleks på sykkelen. 
 
Hei verden 
Skulen sitt solidaritetsarbeid er Hei verden. På 8. trinn har me tradisjon for å ha open kveld med mange kjekke aktivitetar, der me samlar inn pengar. Meir info om opplegget kjem etter kvart. Set av 27. november kl 17-19. Arrangementet er obligatorisk for elevane, og dei vil avspasera desse timane ved eit seinare tidspunkt. 
 
Elev- og utviklingssamtalar 
Lærarane er i gang med elevsamtalar. I november startar lærarane opp med utviklingssamtalane. Kontaktlærarane vil ta kontakt ang tidspunkt for samtalane. 
 
Planleggingsdag 
15. november har lærarane planleggingsdag, og då har elevane fri.

Refleksdagen vert markert over heile landet. I 2024 blir refleksdagen markert torsdag 17. oktober. Målet er å få folk til å bruke refleks, slik at dei er meir synlege i trafikken og ikkje hamner i ei ulykke.
Elevane vil få utdelt kvar sin refleks i veke 42, før refleksdagen. I år har Nico Widerberg designa refleksar for Trygg Trafikk. Nico har laga refleksar med eit uttrykk som både viser krafta i naturen og den krafta vi menneske skaper saman.

 

HUGS REFLEKS I HAUST- OG VINTERMØRKET


Sterk & Klar
På tysdag hadde me første av fire foreldremøte i regi av “Sterk & Klar”. Presentasjon frå møtet
blir lagt ut på heimesida når me får den tilsendt. Me fekk tilbakemeldingar frå føresette om at det
hadde vore eit nyttig og godt foreldremøte. På “Sterk & Klar” si heimeside ligg det ein
ungdomskontrakt ein kan vera med på. Det er ein kontrakt mellom elev og foreldre om å vera
rusfri heile ungdomsskulen. Viss ein klarer dette, vil ein vera med i trekninga om 20.000 kr.
Neste foreldremøte er 21. januar.

Verdsdagen for psykisk helse
Fredag i veke 40 er det Verdsdagen for psykisk helse, og me skal ha ei markering av denne for
heile skulen. Temaet dette året er #gi8minutter. Det vil vera små drypp om temaet i løpet av
veka i klassane

Elev- og utviklingssamtalar
Etter haustferien startar lærarane med elevsamtalar, og etter dette vil de bli kalla inn til utviklingssamtalar.

Haustferie
I veke 41 har elevane haustferie! Nyt fridagane!

Me har elevar som har el-syklar/mopedar og me erfarer at mange kjører veldig fort og utan hjelm. 
Her er info frå politiet om desse kjøretøya og ulovleg bruk av dei. 

 

Sjå vedlagt dokument. 


Det blir nytt foreldremøte 24. september kl 18.00-19.30 for 8. trinnet i aulaen. Informasjonen og innkalling om møtet finn du under "Brev og beskjedar".

Det er påmelding til dette møtet!

Påmelding til Sterk&Klar her

Referat foreldremøtet
Takk for godt frammøte på føreldremøtet på onsdag. Powerpointen med informasjon ligg
på heimesida under “Brev og beskjedar”.

Sterk & Klar
Det blir eit nytt foreldremøte “Sterk &klar” tysdag 24. september kl 18.00, og dette
foreldremøtet er det påmelding til. Tema for møtet er grensesetting, foreldrestil og
anerkjennelse. Eigen informasjon om dette blir sendt ut på heimesida og i Visma-appen.

Nasjonale prøvar
I neste veke skal me ha nasjonal prøve i engelsk. Me har gjennomført prøvane i lesing
og rekning. Elevane tar prøven seriøst og gjer så godt dei kan. Lærarane får god
informasjon om elevane sin kompetanse, og dei kan leggja opp undervisninga etter
dette. Dei endelege svara på prøvane får me i november, og føresette vil få informasjon
om dette i utviklingssamtalane

Møllekjellaren
Alle klassane skal få besøka Møllekjellaren i dei neste vekene. 8B starta i førre veke og
8C skal ned i veke 38. Dei skal bli kjende med Møllekjellaren, og skal ha sosial trening
og byggja godt klassemiljø der.

Me synes me har hatt ein god oppstart med elevane. Det er kjekke elevar som jobbar bra på skulen. Me arbeidar med å bli godt kjent med alle og læra dei alle rutinane og reglane me har på skulen. 

Strandtur 
På måndag ser det ut som det skal bli veldig fint ver, så me vil ta heile trinnet til Refsnes-stranda. Det blir aktivitetar for å byggja gode relasjonar i klassane, men og aktivitetar felles for trinnet. Fint om alle i helga sjekkar at sykkel og hjelm er i orden. Ta med passe klede, mat, nok drikke og godt humør! Dei som ynskjer det kan ta med badetøy. 
 
Foreldremøte 
Onsdag 11. september kl 18.00 blir det foreldremøte i aulaen. Eiga innkalling til møtet kjem.  
 
Nasjonale prøvar 
I dei neste 3 vekene skal me gjennomføra nasjonale prøvar i lesing, rekning og engelsk. Du kan lesa meir informasjon om prøven på heimesida. Me startar i veke 36 med nasjonal prøve i lesing. 
 
Oppstartssamtale 
I dei neste vekene vil kontaktlærarane ringa heim til føresette for å ha ein oppstartssamtale og høyra korleis skulestart har vore. Er det viktig informasjon om eleven me treng på skulen, så er det fint om dokker informerer om dette då.