Vinterferie på Møllekjellaren 2025
Det blir ulike aktivitetar på Møllekjellaren i vinterferien. Sjå vedlagt info.
Publisert: 13.02.2025 12:38 Sist endra: aldri Forfattar: Elisabeth Dysjaland
Møllekjellaren fritidsklubb er ungdommen sitt eige hus på Bryne og ligg i gamle Bryne Mølle.
I Møllekjellaren er det kafè med matservering, aktivitetsrom, gaming-soner, bordtennis, biljard, øvelokale og lydstudio. Det vert arrangert konsertar, utflukter, diskotek, spelturneringar, workshops, kurs og diverse foredrag for og med ungdom.
Tilbodet gjeld for ungdom frå 8. trinn til og med vidaregåande. I tillegg er det eige tilbod (Juniorklubb) for unge frå 5. trinn til og med 7. trinn.
Bryne mølle ligg like ved den vestre innkøyringa til Bryne sentrum frå fylkesveg 44, ved Mølledammen. For køyrande via parkeringsplassen på M44.