
Hei verden er skulane sin eigen solidaritetsaksjon. I praksis betyr dette at me
skal bli kjend med proskjekta dei held på med, i tillegg til å samla inn pengar for
å hjelpa folk i andre delar av verda.
Visjonen til Hei verden er å skape skule for ALLE barn. Dei ønskjer å bidra til at
fleire barn i verda skal få ein grunnutdanning av god kvalitet. Hei verden får
støtte av mange skuler i Noreg, og Bryne ungdomsskule er ein av dei skulane.
I år vil me samla inn pengar til Zambia. Dette er eit land som slit med å gje
ungar ein god grunnutdanning. Me meinar grunnutdanning er nøkkelen til eit
godt liv. Statistikk visar at meir enn 200 000 ungar ikkje fekk gå på skule grunna
av lang skulevei, mangel på lærarar eller manglande skulebygg.
Derfor vil BUS i samarbeid med Hei Verden hjelpa Zambia med å utbetra
skulebygg og få betre skuleutstyr. Ufaglærte lærarar skal få dra på kurs kor dei
lærar å bli gode pedagogar. Pengane me samlar inn skal gå til alt dette, og
kanskje ungar i Zambia får ei lysare framtid me vårs hjelp.
Dersom du ønskjer å få meir informasjon om kva Hei verden sine prosjekt i
Zambia går ut på, kan du trykkja på denne linka:
https://www.heiverden.no/project-land-subpage/zambia/zambia-1