Ny trinnleiar
I veke 51 begynner Morten Finsberg som ny trinnleiar på 9.trinn. Han har vore avdelingsleiar på skulen i 3 år, men har hatt foreldrepermisjon denne hausten. Han skal ha 40% permisjon fram til sommaren òg, derfor er han berre på jobb måndag, tysdag og onsdag. Har dokke behov for å kontakta leiinga utanom det kan dokke ta kontakt med rektor.
Temaveke
Elevrådet arrangerer temaveke i veke 51, der elevar og vaksne skal kle seg ut etter ulike tema kvar dag. Det er frivillig og delta, men me oppfordrer om å vera med. Det blir premie til beste klasse, der premien er klassetur for å spela paddletennis.
Temadagane er slik:
Måndag: fotballdrakt
Tysdag: rosa
Onsdag: galla (fine klede)
Torsdag: gender switch
Fredag: pysj
Leksefri
Det er leksefri denne veka! Sjekk likevel måla om det er informasjon du må få med deg.
Kantina veke 51
Det blir ikkje sal av mat i kantina i veke 51 og 1, berre meieriprodukt så lenge me har meir varer igjen. Elevane må ha med seg matpakke desse dagane.
Siste skuledag før jul
Fredag 20.desember er siste skuledag før juleferien. Skuledagen sluttar til vanleg tid. Det er lov å ha med seg litt ekstra godt i matpakken denne dagen, og ei lita brus (energidrikk er framleis ikkje lov).
Planleggingsdag og første skuledag etter jul
Lærarane har planleggingsdag 2.januar. Elevane har då fri. Første skuledag etter jul er 3.januar, så det blir ei kort veke.
Fagdag 16. Januar
På fagdagen skal elevane velje tre utdanningsprogram dei skal få 25 minutt foredrag om. Deretter skal dei setje opp kva utdanningsprogram dei ønskjer å fordjupa seg i når me kjem til utdanningsval-veka i veke 17. Då skal dei mellom anna hospitera på eit utdanningsprogram i vidaregåande skule ein heil dag, i tillegg til arbeidspraksis som er relevant i høve til utdannningsprogrammet dei fordjupar seg i.
Terminslutt
17.januar er 1.termin slutt, og elevane får halvårsvurdering med og utan karakter.
Me ønsker alle ein god juleferie!
Helsing oss på 9.trinn