Prøvemunnleg
På fredag hadde elevane munnleg prøveeksamen, der dei fekk testa ut korleis me gjennomfører denne type prøve. I veke 24 vil alle elevane koma opp i eit fag i munnleg eksamen. Det såg ut som det var ei god oppleving for dei alle fleste! Bra jobba!
Jæren sparebank
Tysdag 11.mars kjem Jæren sparebank og skal ha undervisning med elevane om personleg økonomi.
PISA- undersøkelsen
Bryne ungdommskule er blitt trekt ut til å delta på PISA- undersøkinga. Dette er ei undersøking som måler 15-åringane sin kompetanse i lesing, matematikk og naturfag. Dei som gjennomfører undersøkinga vil trekkje ut om lag 30 elevar (tilfeldig) som skal gjennomføra undersøkinga 19.mars. Meir informasjon om dette vil koma.
Ungdata
I 2025 blir Ungdata-undersøkinga gjennomført i Time kommune blant elevar i 8.-10. klasse. Målet med undersøkinga er å få ei oversikt over korleis ungdom har det, og kva dei driv med på fritida. Dette er ein moglegheit for ungdom til å fortelje lokalpolitikarar og myndigheita korleis det er å vekse opp i dag. 10. trinn vil gjennomføra undersøkinga i veke 13.