Årshjulet
Årshjulet er oppdatert og ligg på heimesida. Det er mykje som skjer framover, så det er lurt å følgja med.
DKS- SAU
På måndag skal alle elevane på 10.trinn få gå på kino og sjå filmen "SAU". Dette er gjennom Den kulturelle skolesekken. Sau handlar om eit småbruk i Nordland som skal skifta til neste generasjon, frå far til dotter. Den handlar om tradisjon og overlevering av kunnskap, om å finna sin eigen veg i nokons andres fotspor, og han handlar om sau.
Vinterball
Me hadde eit flott vinterball med kjekke og greie elevar. Me ynskjer å takka alle føresette som var med som vakter, slik at det blei trygt og godt for alle elevane.