Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Informasjon veke 51-1

Julegudsteneste og adventsamling 18. desember 
Me nærmar oss desember, og 10. trinnet har ansvaret for å arrangera julegudsteneste i Bryne kyrkje og adventsamling i Aulaen. Elevane har sjølv meldt seg på kva for eit arrangement dei vil gå på, og om dei vil vera med å bidra med gjennomføringa. 

Førjulstid 
Me koser oss med juleaktivitetar på trinnet. Klasseromma er pynta, og me kjem i god julestemning. Elevrådet har dratt i gang temaveke, som skal vere siste veka før juleferien. Me fortset med undervisning og læring heilt fram til jul, sjølv om elevane nok vil ha julekos i kvar time! 
 
Vgs og innsøking 
Det er svært viktig at alle elevane skaffer seg MinID og/eller BankID før veke 2, slik at alle kan vere med å leggje inn første utkast til VGS-søknad i veke 2 og 3. Om eleven har BankID med kodebrikke, må denne tas med til utdanningsval-timen i veke 2 og 3. Dersom eleven har MinID eller BankID med mobil-app, må eleven ta med mobilen til utdanningsval-timen i veke 2 og 3. 
Foreldremøte 
Det blir foreldremøte onsdag 8. januar kl 18.00 i Aulaen. I møtet vil du få viktig informasjon om vårsemesteret, og Erling Knutzen vil gå gjennom all viktig informasjon i forhold til innsøkinga til vidaregåande skule. Sett av datoen! 
 
Terminslutt 
Fredag i veke 3 er terminslutt.  

God jul og eit godt nytt skulehalvår! 
Me ønskjer alle ein fin juleferie og gler oss til siste halvår med godgjengen på 10. Trinnet! Siste skuledag før jul er fredag 20. Desember. Me er klar for masse god læring før vgs!  
 
Torsdag 2. januar er planleggingsdag. Første skuledag etter ferien er fredag 3. januar. 

Helsing oss på 10.trinn