Meny
Velg trinn/seksjon 9. trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Elevbedrift 
Takk til alle som kom på elevbedriftsmessa! Me er stolte av elevane på trinnet som laga ei så flott messe. 

No skal bedriftene avviklast. Dei får eit par veker på seg til å selje ut varelageret sitt. Elevane skal tilbakebetala eventuelle andelar, gjera ferdig rekneskapet sitt og betala skatt. Skattepengane går tilbake til elevane i form av felles aktivitetar. 

Hei verden 
Måndag startar me opp med kick off i aulaen, der ein representant frå Hei verden kjem og informerer om prosjektet. Elevane skal læra om solidaritetsarbeid, Hei verden sitt arbeid og  Zambia som er landet me samlar inn pengar til.  

Bøsseinnsamlinga me skal ha onsdag 27.november kolliderte med ei samling for konfirmantane i kyrkja, så me har flytta tidspunktet for innsamlinga til kl 17.00-18.30. Då vil dei rekke å få med seg begge deler. Oppmøte i trivselsrommet. Elevar som bur på Hognestad har eigen avtale med lærar. 

Ordensreglane 
Me har ein del elevar som forlet skuleområdet i matpausen. Det står i ordensreglementet vårt at elevane skal vere på skulen heile skuledagen. Det er problematisk at elevar forsvinn i løpet av dagen utan at me veit kor dei er, då me har ansvar for dei. Me ber dykk om å ta ein samtale om dette heime. 

Me minner også om at mobiltelefonar enten skal ligga att heime eller leverast i mobilhotellet. Me veit at mange elevar har mobilen liggande i sekken og lar vere å levera den i mobilhotellet. Fleire av dokke har meldt frå om at mobilen ligg heime, så sjekk at det framleis er tilfelle og gje kontaktlærar beskjed dersom avtalen er endra. 

Gudsteneste og adventssamling  
Onsdag 18. desember skal BUS arrangera gudsteneste og adventsamling. Elevane i samråd med føresette kan velga kva for eit arrangement dei vil vera med på. Føresette går inn på Visma, og gjer samtykke til om dei skal vera med på gudsteneste. Svarer ein nei til gudsteneste vil elevane vera med på adventssamling på skulen. Svaret de la inn i fjor er enno gjeldande, inntil de eventuelt endrar det. 

Helsing oss på 9.trinn 


Foreldremøte 9.trinn 
Minner om foreldremøte med Sterk & klar i kantina onsdag 6.november kl 18.00-19.30. 

Utviklingssamtalar 
Dokke får innkalling til utviklingssamtale med kontaktlærar i løpet av november. Eleven skal vera med på samtalen. Det er forventa at dokke på førehand har vore inne på Foreldreportalen i Visma Flyt skole og lese framovermeldingane i dei ulike faga. 

Tannhelse 
Fredag 8.november får me besøk av tannpleiar som skal ha eit undervisningsopplegg om tannhelse. Dette dekker nokre av kompetansemåla i mat og helse. 

Elevundersøkinga 
I dei komande vekene skal me gjennomføra elevundersøkinga på heile skulen. Me bruker svara på undersøkinga til å jobba målretta med skulemiljøet og trivselen til elevane. Det er frivillig å svara på elevundersøkinga, men me ønsker helst at alle deltek, og svarer ærleg og så godt dei kan, slik at me har mest muleg rett informasjon når me skal jobba vidare med dette. 

Elevbedriftsmesse 
Elevane er i full gang med produksjon og sal av varer og tenester i elevbedriftene sine. Onsdag 13.november arrangerer me ei messe i gymsalen kor bedriftene får vist fram produkta sine. Det blir anledning til å kjøpa varer frå dei som har noko att å selje, og det blir prisutdeling frå Ungt Entreprenørskap. Me håper foreldre, søsken og besteforeldre tar turen innom og ser mellom kl 17.00 og 18.30. 

Innsamlingsaksjon Hei verden 
Skulen samlar kvar haust inn pengar til Hei verden sine bistandsprosjekt rundt om i verda, og i år har me valgt å støtta prosjekta dei har i Zambia. 
9.trinn skal ha bøsseinnsamling, og alle elevane på trinnet må halde av onsdag 27.november kl 17:30- ca 19:00. Det er obligatorisk oppmøte, og elevane får avspasera denne tida seinare. Meir informasjon kjem når det nærmar seg. 

Planleggingsdag
Fredag 15.november har skulen planleggingsdag. Elevane har då fri.

Helsing oss på 9.trinn


Iselin Gjære Lothe er tilsett som ny rektor ved Bryne ungdomsskule.

Ho jobbar i dag som avdelingsleiar på 9. trinn ved skulen. Ho har vore tilsett ved skulen sidan april 2020.

Ho er engasjert i skuleutvikling og eleven si læring og gler seg til å ta fatt på jobben som rektor ved BUS allereie frå 1. november. 


Viktig informasjon til foreldre frå politiet:

Situasjon

Politiet har den siste tiden sett at en del ungdommer gjør endringer på EL-sykkel sin, slik at sykkelen går mye fortere. På den måten endrer også klassifiseringen av framkomstmiddelet seg. Politiet ønsker derfor å informere foreldre, slik at vi kan forebygge både ulykker og bøter for ulovlig bruk.

Når man endrer ytelsen slik at man kjører over den tillatte hastighet så endrer man også klassifiseringen på kjøretøyet. Det betyr at man vil kunne bli straffet som om man kjører moped eller motorsykkel.

De senere årene og spesielt de siste månedene har det vært en økning i bruk av EL-sykler som modifiseres til å bli klassifisert som moped. Modusene her er at ungdom kobler ut en ledning rett under "salen" som gjør at fremkomstmiddelet går fra å være en EL-sykkel til en moped. Hastigheten går da til å være 30-50 km/t uten pedalkraft. Det er mulig å påvirke hastigheten på andre måter ved eks å bytte batteri eller koble andre ledninger.
Disse kjøretøyene bruker ungdom både på torget, på sykkel og gangsti og i kjørebanen. Det har vært flere klager fra innbyggerne om uaktsom kjøring med disse kjøretøyene.
Kjøretøyene brukes uten hjelm og det er stort skadepotensiale både for fører og tredjeperson som er gående eller syklende. Politiet er kjent med at disse kjøretøyene brukes til og fra skolen.
Politiet vil ha fokus på denne utfordringen i tiden fremover og vil opprette straffesaker på ulovlig bruk. Politiet ønsker derfor å være i forkant med å informere foreldre om regelverk. Vi håper at dette fører til at dere kan forebygge selv før politiet må opprette straffesak ved kontroll av kjøretøy som det har blitt gjort endringer på.
Regelverk

· En EL-sykkel er en tråsykkel som er påmontert en hjelpemotor. En vanlig EL-sykkel kan ha en hjelpemotor med nominell effekt på høyst 0,25 kW.
· Motorkraft uten bruk av pedaler skal opphøre ved 6 km/t.
· Når man trår med pedaler skal effekten til hjelpemotoren gradvis reduseres, og opphøre helt ved 25 km/t.
· Det er noen som kobler om disse slik at man kan bruke disse helt eller delvis uten å bruke pedaler. Dette er ikke tillatt, og kan medføre straff og inndragelse av sykkelen.
· Det er også noen som monterer egne batterier eller på andre måter endrer sykkelens ytelse, slik at de kan gå langt over 25 km/t enten med eller uten hjelp av pedaler. Når man endrer ytelsen slik at man kjører over den tillatte hastighet så endrer man også klassifiseringen på kjøretøyet. Det betyr at man vil kunne bli straffet som om man kjører moped eller motorsykkel.

Med hilsen

Seksjon for forebyggende og patrulje Jæren politistasjon


Refleks 
Alle elevar i Time kommune har fått utdelt ein refleks i samband med refleksdagen. Det er ganske mørkt om morgonen no, så me oppmodar alle om å bruka refleks. Sjekk også at dokke har lys og refleks på sykkelen. 

Sterk og klar 
Me har sendt ut invitasjon til foreldremøte med Sterk og klar onsdag 6.november kl. 18.00-19.30 i Visma-appen. Det er fint om alle som vil delta melder seg på. 

Elevbedrift 
No går me for fullt i gang med elevbedriftene. Fredag veke 43 kjem Tonnie frå Ungt Entreprenørskap og rettleiar bedriftene i oppstartsfasen. Me løyser opp timeplanen nokre timar i veke 44 og 45 så gruppene får jobba med produksjon. Sjå vekeoversikten kvar veke. Elevane kjem til å spørre om føresette vil kjøpa andelsbrev til 50 kr/stk. Minner om at sponsing av bedriftene ikkje er lov, men dersom dei spør om hjelp til praktiske ting er det sjølvsagt flott med litt hjelp. 

Nasjonale prøvar 
Me har fått resultata på nasjonale prøvar, og det ser veldig bra ut. Elevane har løfta seg det dei skal, og meir til. Resultata kjem på Visma før utviklingssamtalen. 

Helsing oss på 9.trinn 

Refleksdagen vert markert over heile landet. I 2024 blir refleksdagen markert torsdag 17. oktober. Målet er å få folk til å bruke refleks, slik at dei er meir synlege i trafikken og ikkje hamner i ei ulykke.
Elevane vil få utdelt kvar sin refleks i veke 42, før refleksdagen. I år har Nico Widerberg designa refleksar for Trygg Trafikk. Nico har laga refleksar med eit uttrykk som både viser krafta i naturen og den krafta vi menneske skaper saman.

 

HUGS REFLEKS I HAUST- OG VINTERMØRKET


Referat frå foreldremøtet for 9.trinn finn du her.

Takk for oppmøtet på foreldremøtet me hadde denne veka! Referat blir lagt ut på heimesida. 
Set av kvelden 6.november til foreldremøtet med Sterk og klar. Meir informasjon og påmelding kjem snart. 

Verdensdagen for psykisk helse 
Fredag i veke 40 er det Verdsdagen for psykisk helse, og me skal ha ei markering av denne for heile skulen. Temaet dette året er #gi8minutter. Det vil vera små drypp om temaet i løpet av veka i klassane. 

Forfattarbesøk 
Me er invitert til å møta forfattaren Atle Hansen på Time bibliotek onsdag i veke 42. 9C og 9D skal til biblioteket i 2.time, medan 9A og 9B skal dit i 3.time. 

Elevbedrift 
Me går i gang med etablering av elevbedriftene etter haustferien. Set av kvelden 13.november og få med deg elevbedriftsmessa! 

Elev- og utviklingssamtalar 
Lærarane er i gang med elevsamtalar, og etter dette vil de bli kalla inn til utviklingssamtale. 

Haustferie 
I veke 41 er det haustferie. Me ønsker alle ei herleg veke fri! 

Helsing oss på 9.trinn 

Me har elevar som har el-syklar/mopedar og me erfarer at mange kjører veldig fort og utan hjelm. 
Her er info frå politiet om desse kjøretøya og ulovleg bruk av dei. 

 

Sjå vedlagt dokument. 


Foreldremøte 
Me må flytte foreldremøtet for 9.trinn til onsdag 25.september kl. 18.00.  
Grunnen er at me vil reisa på overnattingstur med to klassar den 18.9 sidan vêret ser greit ut. 
 
Overnattingstur 
Vêret var ikkje på vår side førre veke, så me måtte utsetje overnattingsturen. Me prøver igjen no i veke 38. 9C og 9D reiser onsdag 18.9, mens 9A og 9B reiser torsdag 19.9.  
Klassane reiser heim tidleg på formiddagen og avspaserer resten av dagen.  
Det er obligatorisk å delta på turen, det er ein del av kroppsøvingsfaget, eventuelle behov for tilrettelegging avtaler dokke med kontaktlærar.  
Skulereglane gjeld også på tur, ved alvorlege brot på reglane kan elevar bli sendt heim. Det er viktig at føresette er tilgjengelege på telefon dersom noko skulle skje, også om natta. 

Nasjonale prøvar 
Me har gjennomført dei nasjonale prøvane i lesing og rekning. Dei fleste elevane tar prøven seriøst og gjer så godt dei kan. Lærarane får god informasjon om elevane sin kompetanse, og dei kan leggja opp undervisninga etter dette. Dei endelege svara på prøvane får me i november, og føresette vil få informasjon om dette i utviklingssamtalane 

Helsing oss på 9.trinn 

Turdag 
Me kastar oss rundt og reiser på sykkeltur måndag 2.september. Informasjon er sendt til føresette på visma. 
Me har 1.time i klasserommet, og så reiser me ca kl 9.00, med retur frå stranda ca kl 12.30. Det blir ulike strandaktivitetar og bading for dei som vil. 
Pakkeliste: 
-Sykkel og hjelm(!) 
-Vanleg sunn matpakke (ikkje godteri og chips) 
-Drikkeflaske med vatn/juice/saft (ikkje brus eller energidrikk) 
-Handkle og badetøy om du vil bade 
-Solbriller, evt caps og solkrem 
-Noko å sitje på 
-Klær som du kan vere lett aktiv i 
Mobiltelefonen bør ligge att heime denne dagen, men dersom du må ha den med kan ein vaksen passe på den. 

Kick-off Elevbedrift 
Onsdag 4.september kjem Ungt Entreprenørskap på besøk igjen og arrangerer kick-off for Elevbedriftprosjektet me skal jobba med i haust. 
8.05-8.15: Fellessamling i aulaen, kort inspirasjonsøkt 
8.25-9.40: Kreative øvingar og idédugnad i klassane. Rettleiing frå UE i grupper. 
 
Foreldremøte 
Me kallar inn til foreldremøte for 9.trinn onsdag 18.september kl. 18.00 i aulaen på Bryne ungdomsskule.  

Nasjonale prøvar 
Me skal gjennomføre nasjonale prøvar i lesing og rekning i løpet av dei komande vekene. Informasjon om nasjonale prøvar finn de på heimesida vår. Me håper at elevane gjer sitt beste på desse, då me bruker resultata aktivt og justerer undervisninga deretter. 

Overnattingstur 
Elevar på 9.trinn skal delta på ein overnattingstur for å oppfylle fleire av kompetansemåla i kroppsøvingsfaget. Denne er altså obligatorisk. Me held på og planlegg denne, og følgjer med på vêrmeldinga om det kjem nokre dagar utan regn. De får meir informasjon av kontaktlærarane, men ver førebudd på at det kan skje på relativt kort varsel. Elevane får i oppgåve å kartlegga kva de har heime av telt og anna nødvendig utstyr, nokre treng gjerne litt hjelp med dette. 

Helsing oss på 9.trinn 

Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette.

Velkomne til nytt skuleår! Håpar dokker har slappa godt av i sommar og at dokker er klare for eit nytt skuleår. Det var utruleg kjekt å sjå alle igjen førre veke. 

Bøker 

Elevane har fått bøker i matematikk, naturfag og språkfag slik som i fjor. I år skal me også få bøker i KRLE, men dei har ikkje kome enno. Det blir registrert kva boknummer eleven får, og slik har me oversikt over kven som låner kva for ei bok.  Det er viktig at dokker legg bokbind på bøkene slik at me tar best mogleg vare på dei. 

Fotografering 

Fotografen kjem på besøk 28.-30.august. Fotograferingsdag for kvar klasse blir lagt ut på vekeoversikten for veke 35. Alle klassane skal ta gruppebilete, og alle elevane skal ta portrett. Desse bileta blir samla i ein skulekatalog som alle elevane får gratis på skulen. Dokker får i tillegg tilbod om å kjøpa fotopakker utanom direkte frå fotografen. Dette er valfritt. 

Onsdag 1.time 

Onsdag 1.time har alle klassane norsk annakvar veke. Den veka me startar på ny vekeplan har elevane norsk. Den påfølgande veka har elevane fri denne timen. Det vil alltid stå på vekeoversikten om det er studie eller fri. (Naturlege «forskyvningar» som haustferie og liknande gjer at me ikkje seier partal/oddetal). 

Ipad 

Me minner om at elevane må ta godt vare på ipaden. Dei fekk ipad utdelt på torsdag, og det er viktig å oppdatera den og alltid lada den opp heime. 

Mobilhotell 

Nytt av året er at me har heilt mobilfri skule. Me oppfordrar elevane til å legga mobilen igjen heime. Dei som har mobilen med seg, må levera den inn i mobilhotell på skulen (sjå ordensreglar som ligg på hemesida under "Brev og beskjedar"). Fint om dei som ikkje har tatt ein prat om dette heime gjer det. 

Nye fag 

Dette året skal elevane ha mat og helse. Dette faget er avgangsfag, det betyr at karakteren dei får i juni blir ståande på vitnemålet. 
Elevane har også valgt nye valfag, men mange har valgt å ha det same faget som dei hadde i 8.klasse. 
Det er ikkje symjing på 9.trinn. 

Ny elev 

Denne veka får me ein ny elev på trinnet. Han heiter Harry og har nettopp flytta til Bryne frå England. Han skal gå i 9C, men vil vera mest i grunnleggjande norsk-klassen dette første året sitt her. Ta godt i mot han og snakk med han, då er det mykje lettare å læra norsk raskt.  

Minskole.no/bus 

Følg med på heimesida vår. Der legg me ut vekeoversikt, vekeplan, timeplanar, årshjul, brev og beskjedar. Det er lurt å abonnera på nyheiter frå 9.trinn. Då får du e-post når me legg ut noko nytt. Abonnement må fornyast kvart år. 

Helsing oss på 9.trinn 

Trinnoversikt over lærarar på Bryne ungdomsskule for neste skuleår 2024/2025

 

8. trinn - Avdelingsleiar: Monica Penne Norheim 

8A: Norunn Tveit og Sondre Maudal

8B: Kristin Hovin Thorsen og Andreas Sannarnes Kvitvær

8C: Stine Vigrestad Austad og Miriam Vølstad Vigre

8D: Kristian Mora og Anne Marie Jåtten

8E: Elina Reime og Jonas Aarrestad Trodahl

Faglærarar på trinnet: Elisabeth K. Jørgensen, Linda Nora Rogn, Anastasia Amosenkova og Øyvind C. N. Skuggedal.

 

9. trinn - Avdelingsleiar Iselin Gjære Lothe 

9A: Jørn Gabrielsen og Christine Espeland 

9B: Hege Oseland og Olav Skurve

9C: Mirijam Ueland og Helen Hetland Mori 

9D: Pål Endre Oftedal og Signhild Jenny Stave Samuelsen 

Faglærarar på trinnet: Elise Engelsvold Dommersnes, Hilde Jorunn Arnø Vetrhus, Vegard Vik, Kristian Mora.

 

10. trinn - Avdelingsleiar: Anna Magnussen Vik 

10A: Karen Hognestad Liland og Borghild Hognestad

10B: Egil Pollestad og Stian Emil Pettersen 

10C: Elin Rasdal Håland og Charlotte Tjelta Hansen

10D: Susanne Aarthun og Tale Tryggeseid Meling 

Faglærarar på trinnet: Erling Knutzen, Gonzalo Laguna Gonzalez, Mari Edland, Alf Tore Gjesdal, Anny Sør-Reime. 


Bryne ungdomsskule er ein Olweusskule, og det vil seia at me arbeidar jamnt og trutt med antimobbearbeid etter Olweusprogrammet.
Me har gjennomført Olweusundersøkinga på alle trinn, og årets mobbetal er 5,7%. Dette er lågare prosentvis enn det ein ser på landsgjennomsnittet.
Me er sjølvsagt ikkje nøgde med at nokre elevar blir mobba eller føler seg plaga, og dette jobbar me med dagleg for å få ned desse tala.

Me evaluerer undersøkinga grundig for å gjera endringar og setja inn nye tiltak. Undersøkinga blir tatt opp i alle klassane, i fellestid med lærarane, i elevrådet og i FAU.

Me er glade for at det er svært høg trivsel på skulen. Heile 96% av elevane seier at dei trives på skulen.

''Hei klassekontakter 8. og 9 trinn (9. og 10. trinn til høsten) 😊

Her kommer oppsett med fordeling av datoer for de ulike klassene for å gå natteravn høsten 2024. De klassene som er satt opp først i høst kan allerede nå få på plass hvilke foreldre som stiller før sommerferien tar til. Slik det er nå så fordeles natteravn dugnaden lørdager mellom Vardheia og Bryne ungdomsskule. Vardheia ungdomsskule går natteravn på våren og Bryne ungdomsskule på høsten, dermed blir de ulike klassene bare satt opp en gang i året.

Ta kontakt dersom dere lurer på noe. 

Vennlig hilsen

Anne Lovise Skailand

daglig leder
Blå Kors Bryne

Mob. 90974376''


Klage på vurdering er regulert i kapittel 5 i forskrift til opplæringslova. 
Elevar og føresette kan klaga på standpunktkarakterane på avgangsfag.
På 8.trinn gjeld dette valfag, på 9.trinn valfag og mat & helse og på 10. trinn gjeld det alle faga siste skuleår.
I 10. trinn har ein og klagerett på eksamen. 

Visma “Hjemmeweb” er erstatta med “Foresattportal”. 

Det er i hovudsak utsjånaden som blir endra. De vil ha tilgang til same informasjon og funksjonar som tidlegare. De kan framleis bruke den same linken som ligg på skulen si heimeside. 


Nå kan du trygt og enkelt avtale timer på helsestasjonen og med skolehelsetjenesten via Helsenorge. Her kan du se dine barns timeavtaler, hvilket barn som har timen, få oversikt over vaksiner og sende meldinger hvis du lurer på noe.
Du har fullmakt for dine egne barn under 16 år, når du har gitt fullt samtykke. Det finnes også mye god kvalitetssikret informasjon til deg som forelder.
På Helsenorge får du også oversikt over din egen helse. Med tilgang til kjernejournal, kommunikasjon med fastlege og sykehus, prøvesvar, frikort mm.
Logg inn på Helsenorge for mer informasjon om digital helsestasjon. 

Kilde: Skolehelsetjenesten på nett (ks.no)


Velkommen til foredrag torsdag 3. november kl 19.00 - 20.00 i Storsalen v/ Time bibliotek. Hetlandsgata 11. 

Foredragsholdere er Elisabeth Husveg Ramstad, familieveileder ved Familiesenteret i Time kommune og Siri Stueland, helsesjukepleier i Time kommune. 

Arr: Jæren DPS / Time bibliotek

Arrangementet er gratis. 

 


BRUK AV VERKTØYET «KLASSETRIVSEL» I TIME KOMMUNE

Skulen har plikt til å følgje med på at elevane har eit trygt og godt skulemiljø og at elevane trivst på skulen, jf. Kapittel 9A i opplæringslova. For å sikra dette, brukar skulen ulike verktøy og metodar. Dette er til dømes observasjon, elevsamtalar, dialog med føresette, logg, anonyme spørjeundersøkingar og ikkje-anonyme spørjeundersøkingar. Klassetrivsel er eit verktøy for ikkje-anonyme spørjeundersøkingar der ein undersøker elevane sin trivsel.
Les meir om Klassetrivsel, GDPR og datasikkerheit her


Bryne Røde Kors har leksehjelp for ungdomsskuleelevar på Biblioteket på Bryne kvar tysdag kl. 16.00-18.00.