Bryne ungdomsskule (BUS) har vore praksisskule i fleire år. Me har tre praksislærarar og omlag 50 praksisskulelærarar. Me synest det er verdifullt og
givande å ha praksisstudentar hos oss, og går nå inn i ein ny periode med studentar. Det gler me oss til!
Ved Bryne ungdomsskule kan du forventa deg at me skal jobba i lag, du skal få høve til å læra av erfarne og kompetente lærarar, du kan forventa deg ein
praksis som er prega av variasjon, rettleiing og vurdering.
Skulen vår har ca 300 elevar fordelt på tre trinn, fire klassar per trinn. Det meste av undervisninga føregår i heile klassar, men me har tilbod om
lese- og reknekurs som tilpassa opplæring på alle trinna.
Trivselen blant både elevar og lærarar er stor på skulen vår. Me jobbar mykje for å skapa gode relasjonar og godt læringsmiljø for alle elevane. Me dreg på
turar, har korte og lengre aktivitetar i skuletida, arrangerer juleball og me har ei god kantine der elevane kan kjøpa god og sunn mat. Dersom miljøet er
godt, lærer elevane.
BUS er ein Olweusskule, dvs at me i fleire år har jobba med antimobbeprogrammet utarbeida av Dan Olweus. Me har gode prosedyrar for å avdekkja mobbing, me
har klassemøter kvar 14. dag og me jobbar systematisk med anti- mobbearbeid i kollegiet. BUS har nulltoleranse for mobbing.
BUS er ein del av Jærskulen. Me jobbar i lag i nettverk 2, saman med Nærbø ungdomsskule, Klepp ungdomsskule og Lye ungdomsskule. Dette samarbeidet skjer både på leiarnivå og på lærarnivå. Hovudfokus dette skuleåret er at lærarane er drivarar av utviklingsarbeidet ved dei ulike skulane.
Lærarane og elevane ved Bryne ungdomsskule er stolte av skulen sin, lærarane av å jobba her og elevane av å høyra til her. Me ønskjer deg som lærarstudent velkommen til oss og håpar at du også får same opplevinga etter å ha hatt praksis her hos oss. Me oppfordrar deg til å vera aktiv, spørjande og ta inititativ slik at du får mest mulig utav tida di her hos oss.
Velkommen som lærarstudent på Bryne ungdomsskule.
Elsa Djuve Jerstad, rektor
Om å vera student på BUS
Praksisplan - første studieår
Praksisplan - andre studieår
Praksisplan - tredje og fjerde studieår