Meny
Velg trinn/seksjon 8. trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Her finn du lenker til vekeoversikten, vekeplanen og årshjul.

Vekeoversikt v. 47

Vekeplan v. 47-48

Årshjul

Lenke til elevundersøkinga

Hei verden 
Måndag startar me opp med kick off i aulaen, der ein representant frå Hei verden kjem og informerer om prosjektet. Elevane skal læra om solidaritetsarbeid, Hei verden sitt arbeid og  Zambia som er landet me samlar inn pengar til. Trinnet er i gang med planleggja konsert, aktivitetar i klasserommet, pynting av klasserommet og loddsal. Me håper sysken, foreldre og besteforeldre vil koma onsdag 27. november kl 17-19 på Innsamlingsaksjonen. Meir informasjon om opplegget kjem måndag 25. november. 
 
Gudsteneste og adventssamling 
Onsdag 18. desember skal BUS arrangera gudsteneste og adventsamling. Elevane i samråd med føresette kan velga kva for eit arrangement dei vil vera med på. Føresette går inn på Visma, og gjer samtykke til om dei skal vera med på gudsteneste. Svarer ein nei til gudsteneste vil elevane vera med på adventssamling på skulen. 

Utviklingssamtalar 
Dokke får innkalling til utviklingssamtale med kontaktlærar i løpet av november. Eleven skal vera med på samtalen. Det er forventa at dokke på førehand har vore inne på Foreldreportalen i Visma Flyt skole og lese framovermeldingane i dei ulike faga. 
 
Elevundersøkinga 
I dei komande vekene skal me gjennomføra elevundersøkinga på heile skulen. Me bruker svara på undersøkinga til å jobba målretta med skulemiljøet og trivselen til elevane. Det er frivillig å svara på elevundersøkinga, men me ønsker helst at alle deltek, og svarer ærleg og så godt dei kan, slik at me har mest muleg rett informasjon når me skal jobba vidare med dette. 
 
Elevbedriftsmesse 
9. trinnet er i full gang med produksjon og sal av varer og tenester i elevbedrift. Onsdag 13.november arrangerer dei ei messe i gymsalen kor bedriftene får vist fram produkta sine. Me skal få besøka messa i 6. time, der elevane får inspirasjon til dei sjølve skal ha elevbedrift neste år. 
 
Innsamlingsaksjon Hei verden 
Skulen samlar kvar haust inn pengar til Hei verden sine bistandsprosjekt rundt om i verda, og i år har me valgt å støtta prosjekta dei har i Zambia. 
 
Trinna samlar inn pengar på ulike vis. 10. trinnet jobbar ein dag og 9. trinnet skal ha bøsseinnsamling. På 8. trinnet skal me ha ein open kveld med masse aktivitetar, cafe og loddsal. Meir info kjem, men set av dagen: onsdag 27. nov kl 17-19 
 
Planlegginsdag 
15. november har lærarane planleggingsdag, og elevane har fri denne dagen. 

Iselin Gjære Lothe er tilsett som ny rektor ved Bryne ungdomsskule.

Ho jobbar i dag som avdelingsleiar på 9. trinn ved skulen. Ho har vore tilsett ved skulen sidan april 2020.

Ho er engasjert i skuleutvikling og eleven si læring og gler seg til å ta fatt på jobben som rektor ved BUS allereie frå 1. november. 


«Sterk&Klar tilbyr alle 8. klassinger muligheten til å inngå en kontrakt om en rusfri ungdomsskoletid. Hvis ungdommen holder avtalen i alle tre årene, er de med i trekningen av en premie på kr. 20 000. Det er dere som er foresatte, som inviterer ungdommen deres til å skrive kontrakten. Dette er en ypperlig anledning til å snakke sammen hjemme om ungdomstiden og rusmidler. Husk at jo flere som er med på kontrakten, desto lettere er det å jobbe aktivt imot drikkepress i ungdomsmiljøet.
Lenke til skjema for utfylling av Ungdomskontrakten: Kontrakt Sterk&Klar

Viktig informasjon til foreldre frå politiet:

Situasjon

Politiet har den siste tiden sett at en del ungdommer gjør endringer på EL-sykkel sin, slik at sykkelen går mye fortere. På den måten endrer også klassifiseringen av framkomstmiddelet seg. Politiet ønsker derfor å informere foreldre, slik at vi kan forebygge både ulykker og bøter for ulovlig bruk.

Når man endrer ytelsen slik at man kjører over den tillatte hastighet så endrer man også klassifiseringen på kjøretøyet. Det betyr at man vil kunne bli straffet som om man kjører moped eller motorsykkel.

De senere årene og spesielt de siste månedene har det vært en økning i bruk av EL-sykler som modifiseres til å bli klassifisert som moped. Modusene her er at ungdom kobler ut en ledning rett under "salen" som gjør at fremkomstmiddelet går fra å være en EL-sykkel til en moped. Hastigheten går da til å være 30-50 km/t uten pedalkraft. Det er mulig å påvirke hastigheten på andre måter ved eks å bytte batteri eller koble andre ledninger.
Disse kjøretøyene bruker ungdom både på torget, på sykkel og gangsti og i kjørebanen. Det har vært flere klager fra innbyggerne om uaktsom kjøring med disse kjøretøyene.
Kjøretøyene brukes uten hjelm og det er stort skadepotensiale både for fører og tredjeperson som er gående eller syklende. Politiet er kjent med at disse kjøretøyene brukes til og fra skolen.
Politiet vil ha fokus på denne utfordringen i tiden fremover og vil opprette straffesaker på ulovlig bruk. Politiet ønsker derfor å være i forkant med å informere foreldre om regelverk. Vi håper at dette fører til at dere kan forebygge selv før politiet må opprette straffesak ved kontroll av kjøretøy som det har blitt gjort endringer på.
Regelverk

· En EL-sykkel er en tråsykkel som er påmontert en hjelpemotor. En vanlig EL-sykkel kan ha en hjelpemotor med nominell effekt på høyst 0,25 kW.
· Motorkraft uten bruk av pedaler skal opphøre ved 6 km/t.
· Når man trår med pedaler skal effekten til hjelpemotoren gradvis reduseres, og opphøre helt ved 25 km/t.
· Det er noen som kobler om disse slik at man kan bruke disse helt eller delvis uten å bruke pedaler. Dette er ikke tillatt, og kan medføre straff og inndragelse av sykkelen.
· Det er også noen som monterer egne batterier eller på andre måter endrer sykkelens ytelse, slik at de kan gå langt over 25 km/t enten med eller uten hjelp av pedaler. Når man endrer ytelsen slik at man kjører over den tillatte hastighet så endrer man også klassifiseringen på kjøretøyet. Det betyr at man vil kunne bli straffet som om man kjører moped eller motorsykkel.

Med hilsen

Seksjon for forebyggende og patrulje Jæren politistasjon


Refleks 
Alle elevar i Time kommune har fått utdelt ein refleks i samband med refleksdagen. Det er ganske mørkt om morgonen no, så me oppmodar alle om å bruka refleks. Sjekk også at dokke har lys og refleks på sykkelen. 
 
Hei verden 
Skulen sitt solidaritetsarbeid er Hei verden. På 8. trinn har me tradisjon for å ha open kveld med mange kjekke aktivitetar, der me samlar inn pengar. Meir info om opplegget kjem etter kvart. Set av 27. november kl 17-19. Arrangementet er obligatorisk for elevane, og dei vil avspasera desse timane ved eit seinare tidspunkt. 
 
Elev- og utviklingssamtalar 
Lærarane er i gang med elevsamtalar. I november startar lærarane opp med utviklingssamtalane. Kontaktlærarane vil ta kontakt ang tidspunkt for samtalane. 
 
Planleggingsdag 
15. november har lærarane planleggingsdag, og då har elevane fri.

Refleksdagen vert markert over heile landet. I 2024 blir refleksdagen markert torsdag 17. oktober. Målet er å få folk til å bruke refleks, slik at dei er meir synlege i trafikken og ikkje hamner i ei ulykke.
Elevane vil få utdelt kvar sin refleks i veke 42, før refleksdagen. I år har Nico Widerberg designa refleksar for Trygg Trafikk. Nico har laga refleksar med eit uttrykk som både viser krafta i naturen og den krafta vi menneske skaper saman.

 

HUGS REFLEKS I HAUST- OG VINTERMØRKET


Sterk & Klar
På tysdag hadde me første av fire foreldremøte i regi av “Sterk & Klar”. Presentasjon frå møtet
blir lagt ut på heimesida når me får den tilsendt. Me fekk tilbakemeldingar frå føresette om at det
hadde vore eit nyttig og godt foreldremøte. På “Sterk & Klar” si heimeside ligg det ein
ungdomskontrakt ein kan vera med på. Det er ein kontrakt mellom elev og foreldre om å vera
rusfri heile ungdomsskulen. Viss ein klarer dette, vil ein vera med i trekninga om 20.000 kr.
Neste foreldremøte er 21. januar.

Verdsdagen for psykisk helse
Fredag i veke 40 er det Verdsdagen for psykisk helse, og me skal ha ei markering av denne for
heile skulen. Temaet dette året er #gi8minutter. Det vil vera små drypp om temaet i løpet av
veka i klassane

Elev- og utviklingssamtalar
Etter haustferien startar lærarane med elevsamtalar, og etter dette vil de bli kalla inn til utviklingssamtalar.

Haustferie
I veke 41 har elevane haustferie! Nyt fridagane!

Me har elevar som har el-syklar/mopedar og me erfarer at mange kjører veldig fort og utan hjelm. 
Her er info frå politiet om desse kjøretøya og ulovleg bruk av dei. 

 

Sjå vedlagt dokument. 


Det blir nytt foreldremøte 24. september kl 18.00-19.30 for 8. trinnet i aulaen. Informasjonen og innkalling om møtet finn du under "Brev og beskjedar".

Det er påmelding til dette møtet!

Påmelding til Sterk&Klar her

Referat foreldremøtet
Takk for godt frammøte på føreldremøtet på onsdag. Powerpointen med informasjon ligg
på heimesida under “Brev og beskjedar”.

Sterk & Klar
Det blir eit nytt foreldremøte “Sterk &klar” tysdag 24. september kl 18.00, og dette
foreldremøtet er det påmelding til. Tema for møtet er grensesetting, foreldrestil og
anerkjennelse. Eigen informasjon om dette blir sendt ut på heimesida og i Visma-appen.

Nasjonale prøvar
I neste veke skal me ha nasjonal prøve i engelsk. Me har gjennomført prøvane i lesing
og rekning. Elevane tar prøven seriøst og gjer så godt dei kan. Lærarane får god
informasjon om elevane sin kompetanse, og dei kan leggja opp undervisninga etter
dette. Dei endelege svara på prøvane får me i november, og føresette vil få informasjon
om dette i utviklingssamtalane

Møllekjellaren
Alle klassane skal få besøka Møllekjellaren i dei neste vekene. 8B starta i førre veke og
8C skal ned i veke 38. Dei skal bli kjende med Møllekjellaren, og skal ha sosial trening
og byggja godt klassemiljø der.

Me synes me har hatt ein god oppstart med elevane. Det er kjekke elevar som jobbar bra på skulen. Me arbeidar med å bli godt kjent med alle og læra dei alle rutinane og reglane me har på skulen. 

Strandtur 
På måndag ser det ut som det skal bli veldig fint ver, så me vil ta heile trinnet til Refsnes-stranda. Det blir aktivitetar for å byggja gode relasjonar i klassane, men og aktivitetar felles for trinnet. Fint om alle i helga sjekkar at sykkel og hjelm er i orden. Ta med passe klede, mat, nok drikke og godt humør! Dei som ynskjer det kan ta med badetøy. 
 
Foreldremøte 
Onsdag 11. september kl 18.00 blir det foreldremøte i aulaen. Eiga innkalling til møtet kjem.  
 
Nasjonale prøvar 
I dei neste 3 vekene skal me gjennomføra nasjonale prøvar i lesing, rekning og engelsk. Du kan lesa meir informasjon om prøven på heimesida. Me startar i veke 36 med nasjonal prøve i lesing. 
 
Oppstartssamtale 
I dei neste vekene vil kontaktlærarane ringa heim til føresette for å ha ein oppstartssamtale og høyra korleis skulestart har vore. Er det viktig informasjon om eleven me treng på skulen, så er det fint om dokker informerer om dette då.

Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette.

Velkomne til Bryne ungdomsskule og nytt skuleår! Me hadde ein kjekk oppstart med veldig kjekke elevar på torsdag og fredag! Me gler oss til å bli betre kjent, og me ser fram til 3 spennande og lærerike år med dokker! 

Kantinekort 
Elevane har fått utdelt eit kantinekort med ei rettleiing til korleis ein kan aktivere det. Mange gløymer å registrere koden som står på kortet, og det er viktig for at kortet skal virke. Prisliste for kantina ligg på heimesida vår, men me anbefaler at elevane stort sett har med seg matpakke, då det kan bli kostbart å handle i kantina kvar dag. 

Fråvær 
Dersom eleven er sjuk eller har avtalar hos tannlege og liknande, ønsker me at de registrerer det i Min skole-appen før kl 8 om morgonen.  

Målform 
På ungdomstrinnet kan ein velga om ein vil ha bokmål eller nynorsk som hovudmål. Elevane fekk torsdag og fredag utdelt bøker etter den målforma dei er registrerte med. Om det er fleire som ynskjer bokmål, så må ein gje beskjed til kontaktlæraren. 

Bøker 
Elevane har fått bøker i matematikk, naturfag og språkfag. I år skal me også få bøker i KRLE, men dei har ikkje kome enno. Det blir registrert kva boknummer eleven får, og slik har me oversikt over kven som låner kva for ei bok.  Det er viktig at dokker legg bokbind på bøkene slik at me tar best mogleg vare på dei. 

Fotografering 
Fotografen kjem på besøk 28.-30.august. Fotograferingsdag for kvar klasse blir lagt ut på vekeoversikten for veke 35. Alle klassane skal ta gruppebilete, og alle elevane skal ta portrett. Desse bileta blir samla i ein skulekatalog som alle elevane får gratis på skulen. Dokker får i tillegg tilbod om å kjøpa fotopakker utanom direkte frå fotografen. Dette er valfritt. 

Studie måndag 1.time 
Måndag 1.time har alle klassane studie annakvar veke. Den veka me startar på ny vekeplan har elevane studie. Den påfølgande veka har elevane fri denne timen. Det vil alltid stå på vekeoversikten om det er studie eller fri. (Naturlege «forskyvningar» som haustferie og liknande gjer at me ikkje seier partal/oddetal). Studie er ein time der elevane arbeidar med lekser eller anna skuelarbeid læraren gjer dei. Jobbar ein bra i denne timen, vil ein ikkje ha så mykje lekser heime. 

Ipad 
Me minner om at elevane må ta godt vare på ipaden. Dei fekk ipad utdelt på torsdag, og det er viktig å oppdatera den og alltid lada den opp heime. 

Mobilhotell 
Nytt av året er at me har heilt mobilfri skule. Me oppfordrar elevane til å legga mobilen igjen heime. Dei som har mobilen med seg, må levera den inn i mobilhotell på skulen (sjå ordensreglar som ligg på heimesida under "Brev og beskjedar"). Fint om dei som ikkje har tatt ein prat om dette heime gjer det. 

Kantinekort - Digipay 
Kantina opner på måndag. Elevane har fått utdelt eit kantinekort med ei rettleiing til korleis ein kan aktivere det. Mange gløymer å registrere koden som står på kortet, og det er viktig for at kortet skal virke. Prisliste for kantina ligg på heimesida vår, men me anbefaler at elevane stort sett har med seg matpakke, då det kan bli kostbart å handle i kantina kvar dag.  

Heimesida 
På minskole.no/bus finn du det meste av informasjon om skulen og kva som skal skje. Kvar veke legg me ut vekeoversikten som viser kva som skjer den komande veka, og annakvar veke legg me ut informasjon til heimen og ny vekeplan for to veker. Abonner på nyheiter, så får du e-post kvar gong me legg ut noko. 
 
Foreldremøte 
Onsdag 4. september kl 18.00 vil det vera foreldremøte i aulaen. Innkalling til møtet kjem! Set av datoen! 

Trinnoversikt over lærarar på Bryne ungdomsskule for neste skuleår 2024/2025

 

8. trinn - Avdelingsleiar: Monica Penne Norheim 

8A: Norunn Tveit og Sondre Maudal

8B: Kristin Hovin Thorsen og Andreas Sannarnes Kvitvær

8C: Stine Vigrestad Austad og Miriam Vølstad Vigre

8D: Kristian Mora og Anne Marie Jåtten

8E: Elina Reime og Jonas Aarrestad Trodahl

Faglærarar på trinnet: Elisabeth K. Jørgensen, Linda Nora Rogn, Anastasia Amosenkova og Øyvind C. N. Skuggedal.

 

9. trinn - Avdelingsleiar Iselin Gjære Lothe 

9A: Jørn Gabrielsen og Christine Espeland 

9B: Hege Oseland og Olav Skurve

9C: Mirijam Ueland og Helen Hetland Mori 

9D: Pål Endre Oftedal og Signhild Jenny Stave Samuelsen 

Faglærarar på trinnet: Elise Engelsvold Dommersnes, Hilde Jorunn Arnø Vetrhus, Vegard Vik, Kristian Mora.

 

10. trinn - Avdelingsleiar: Anna Magnussen Vik 

10A: Karen Hognestad Liland og Borghild Hognestad

10B: Egil Pollestad og Stian Emil Pettersen 

10C: Elin Rasdal Håland og Charlotte Tjelta Hansen

10D: Susanne Aarthun og Tale Tryggeseid Meling 

Faglærarar på trinnet: Erling Knutzen, Gonzalo Laguna Gonzalez, Mari Edland, Alf Tore Gjesdal, Anny Sør-Reime. 


Bryne ungdomsskule er ein Olweusskule, og det vil seia at me arbeidar jamnt og trutt med antimobbearbeid etter Olweusprogrammet.
Me har gjennomført Olweusundersøkinga på alle trinn, og årets mobbetal er 5,7%. Dette er lågare prosentvis enn det ein ser på landsgjennomsnittet.
Me er sjølvsagt ikkje nøgde med at nokre elevar blir mobba eller føler seg plaga, og dette jobbar me med dagleg for å få ned desse tala.

Me evaluerer undersøkinga grundig for å gjera endringar og setja inn nye tiltak. Undersøkinga blir tatt opp i alle klassane, i fellestid med lærarane, i elevrådet og i FAU.

Me er glade for at det er svært høg trivsel på skulen. Heile 96% av elevane seier at dei trives på skulen.

''Hei klassekontakter 8. og 9 trinn (9. og 10. trinn til høsten) 😊

Her kommer oppsett med fordeling av datoer for de ulike klassene for å gå natteravn høsten 2024. De klassene som er satt opp først i høst kan allerede nå få på plass hvilke foreldre som stiller før sommerferien tar til. Slik det er nå så fordeles natteravn dugnaden lørdager mellom Vardheia og Bryne ungdomsskule. Vardheia ungdomsskule går natteravn på våren og Bryne ungdomsskule på høsten, dermed blir de ulike klassene bare satt opp en gang i året.

Ta kontakt dersom dere lurer på noe. 

Vennlig hilsen

Anne Lovise Skailand

daglig leder
Blå Kors Bryne

Mob. 90974376''


Klage på vurdering er regulert i kapittel 5 i forskrift til opplæringslova. 
Elevar og føresette kan klaga på standpunktkarakterane på avgangsfag.
På 8.trinn gjeld dette valfag, på 9.trinn valfag og mat & helse og på 10. trinn gjeld det alle faga siste skuleår.
I 10. trinn har ein og klagerett på eksamen. 

Visma “Hjemmeweb” er erstatta med “Foresattportal”. 

Det er i hovudsak utsjånaden som blir endra. De vil ha tilgang til same informasjon og funksjonar som tidlegare. De kan framleis bruke den same linken som ligg på skulen si heimeside. 


Nå kan du trygt og enkelt avtale timer på helsestasjonen og med skolehelsetjenesten via Helsenorge. Her kan du se dine barns timeavtaler, hvilket barn som har timen, få oversikt over vaksiner og sende meldinger hvis du lurer på noe.
Du har fullmakt for dine egne barn under 16 år, når du har gitt fullt samtykke. Det finnes også mye god kvalitetssikret informasjon til deg som forelder.
På Helsenorge får du også oversikt over din egen helse. Med tilgang til kjernejournal, kommunikasjon med fastlege og sykehus, prøvesvar, frikort mm.
Logg inn på Helsenorge for mer informasjon om digital helsestasjon. 

Kilde: Skolehelsetjenesten på nett (ks.no)


Velkommen til foredrag torsdag 3. november kl 19.00 - 20.00 i Storsalen v/ Time bibliotek. Hetlandsgata 11. 

Foredragsholdere er Elisabeth Husveg Ramstad, familieveileder ved Familiesenteret i Time kommune og Siri Stueland, helsesjukepleier i Time kommune. 

Arr: Jæren DPS / Time bibliotek

Arrangementet er gratis. 

 


BRUK AV VERKTØYET «KLASSETRIVSEL» I TIME KOMMUNE

Skulen har plikt til å følgje med på at elevane har eit trygt og godt skulemiljø og at elevane trivst på skulen, jf. Kapittel 9A i opplæringslova. For å sikra dette, brukar skulen ulike verktøy og metodar. Dette er til dømes observasjon, elevsamtalar, dialog med føresette, logg, anonyme spørjeundersøkingar og ikkje-anonyme spørjeundersøkingar. Klassetrivsel er eit verktøy for ikkje-anonyme spørjeundersøkingar der ein undersøker elevane sin trivsel.
Les meir om Klassetrivsel, GDPR og datasikkerheit her


Bryne Røde Kors har leksehjelp for ungdomsskuleelevar på Biblioteket på Bryne kvar tysdag kl. 16.00-18.00.