Meny
Velg trinn/seksjon 10. trinn
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Foreldremøte 10.trinn

Minner om foreldremøte med Sterk & klar i kantina onsdag 20.november kl 18.00-19.30. 

Hei verden 
I veke 47 startar me opp med årets solidaritetsinnsamling ved Bryne ungdomsskule. Me skal samla inn pengar til Hei verden, og me får informasjon måndag 18. november om prosjektet. På 10. trinn skal elevane ha “Jobb ein dag”, der inntektene frå arbeidet går til Hei verden. Fredag 29. november er arbeidsdagen, så det kan vera lurt å prøva å finna seg ein arbeidsplass i god tid. Det er óg mogleg å arbeida heime! Alle elevane vil få med seg heim ein lapp dei skal levera og fylla ut saman med arbeidsgjevar. 
 
 
Julegudsteneste og adventsamling 18. desember 
Me nærmar oss desember, og 10. trinnet har ansvaret for å arrangera julegudsteneste i Bryne kyrkje og adventsamling i Aulaen. Elevane har sjølv meldt seg på kva for eit arrangement dei vil gå på, og om dei vil vera med å bidra med gjennomføringa. 

BankID/MinID 
Rett over jul skal elevane leggje inn første utkast til vgs-søknad. Dette skjer på www.vigo.no. Endeleg frist er 1. mars. Elevane må logge seg inn på Vigo.no med MinID eller BankID. Det kan vera lurt å ha begge deler. Alle må ha minst ein av desse. Føresette må hjelpa ungdommen med dette. BankID kan ein bestille i banken. For å opprette MinID-bruker, kan ein ved hjelp av fødselsnummeret (11 siffer) enkelt bestille aktivieringsbrevet. Det kjem då i posten til ungdommen si folkeregistrerte adresse. Bestill her: Bestill aktiveringsbrev for MinID-bruker 



Vaksine 
Onsdag i veke 45 kjem helsesjukepleier til skulen for å vaksinera dei elevane som skal ta vaksine. Det er påfyll for difteri, stivkrampe, kikhoste og polio. Alle skal ha fått informasjon om dette på helsenorge, der ein godkjenner om ungdommen skal ta vaksine eller ikkje. Det er og delt ut eit skriv om dette. 

FRIDAG 
Fredag 15. november er det planleggingsdag og fridag for elevar. 

Hei verden 
I veke 47 startar me opp med årets solidaritetsinnsamling ved Bryne ungdomsskule. Me skal samla inn pengar til Hei verden, og me får informasjon måndag 18. november om prosjektet. På 10. trinn skal elevane ha “Jobb ein dag”, der inntektene frå arbeidet går til Hei verden. Fredag 29. november er arbeidsdagen, så det kan vera lurt å prøva å finna seg ein arbeidsplass i god tid. Det er óg mogleg å arbeida heime! Alle elevane vil få med seg heim ein lapp dei skal levera og fylla ut saman med arbeidsgivar. 

Elevundersøkinga 
I dei komande vekene skal me gjennomføra elevundersøkinga på heile skulen. Me bruker svara på undersøkinga til å jobba målretta med skulemiljøet og trivselen til elevane. Det er frivillig å svara på elevundersøkinga, men me ønsker helst at alle deltek, og svarer ærleg og så godt dei kan, slik at me har mest muleg rett informasjon når me skal jobba vidare med dette. 

Foreldremøte 10.trinn 
Minner om foreldremøte med Sterk & klar i kantina onsdag 20.november kl 18.00-19.30. 
 
 
Elev- og utviklingssamtalane 
Kontaktlærarane er i gang med elev- og utviklingssamtalane! Eleven skal vera med på samtalen. Det er forventa at dokke på førehand har vore inne på Foreldreportalen i Visma Flyt skole og lese framovermeldingane i dei ulike faga. 


Helsing oss på 10.trinn 



Iselin Gjære Lothe er tilsett som ny rektor ved Bryne ungdomsskule.

Ho jobbar i dag som avdelingsleiar på 9. trinn ved skulen. Ho har vore tilsett ved skulen sidan april 2020.

Ho er engasjert i skuleutvikling og eleven si læring og gler seg til å ta fatt på jobben som rektor ved BUS allereie frå 1. november. 


Viktig informasjon til foreldre frå politiet:

Situasjon

Politiet har den siste tiden sett at en del ungdommer gjør endringer på EL-sykkel sin, slik at sykkelen går mye fortere. På den måten endrer også klassifiseringen av framkomstmiddelet seg. Politiet ønsker derfor å informere foreldre, slik at vi kan forebygge både ulykker og bøter for ulovlig bruk.

Når man endrer ytelsen slik at man kjører over den tillatte hastighet så endrer man også klassifiseringen på kjøretøyet. Det betyr at man vil kunne bli straffet som om man kjører moped eller motorsykkel.

De senere årene og spesielt de siste månedene har det vært en økning i bruk av EL-sykler som modifiseres til å bli klassifisert som moped. Modusene her er at ungdom kobler ut en ledning rett under "salen" som gjør at fremkomstmiddelet går fra å være en EL-sykkel til en moped. Hastigheten går da til å være 30-50 km/t uten pedalkraft. Det er mulig å påvirke hastigheten på andre måter ved eks å bytte batteri eller koble andre ledninger.
Disse kjøretøyene bruker ungdom både på torget, på sykkel og gangsti og i kjørebanen. Det har vært flere klager fra innbyggerne om uaktsom kjøring med disse kjøretøyene.
Kjøretøyene brukes uten hjelm og det er stort skadepotensiale både for fører og tredjeperson som er gående eller syklende. Politiet er kjent med at disse kjøretøyene brukes til og fra skolen.
Politiet vil ha fokus på denne utfordringen i tiden fremover og vil opprette straffesaker på ulovlig bruk. Politiet ønsker derfor å være i forkant med å informere foreldre om regelverk. Vi håper at dette fører til at dere kan forebygge selv før politiet må opprette straffesak ved kontroll av kjøretøy som det har blitt gjort endringer på.
Regelverk

· En EL-sykkel er en tråsykkel som er påmontert en hjelpemotor. En vanlig EL-sykkel kan ha en hjelpemotor med nominell effekt på høyst 0,25 kW.
· Motorkraft uten bruk av pedaler skal opphøre ved 6 km/t.
· Når man trår med pedaler skal effekten til hjelpemotoren gradvis reduseres, og opphøre helt ved 25 km/t.
· Det er noen som kobler om disse slik at man kan bruke disse helt eller delvis uten å bruke pedaler. Dette er ikke tillatt, og kan medføre straff og inndragelse av sykkelen.
· Det er også noen som monterer egne batterier eller på andre måter endrer sykkelens ytelse, slik at de kan gå langt over 25 km/t enten med eller uten hjelp av pedaler. Når man endrer ytelsen slik at man kjører over den tillatte hastighet så endrer man også klassifiseringen på kjøretøyet. Det betyr at man vil kunne bli straffet som om man kjører moped eller motorsykkel.

Med hilsen

Seksjon for forebyggende og patrulje Jæren politistasjon


Refleks 
Alle elevar i Time kommune har fått utdelt ein refleks i samband med refleksdagen. Det er ganske mørkt om morgonen no, så me oppmodar alle om å bruka refleks. Sjekk også at dokke har lys og refleks på sykkelen. 
 
 
Elev- og utviklinssamtalane 
Lærarane er i gang med å gjennomføra elevsamtalane. Etter dette vil det vera utviklingssamtalar. 

Sterk og Klar 
Me har sendt ut invitasjon til foreldremøte med Sterk og klar onsdag 20.november kl. 18.00-19.30 i Visma-appen. Det er fint om alle som vil delta melder seg på. 
 
Hærverk 
Vi opplever eindel hærverk på trinnet. Det er søling med vatten på golvet på do og utanfor, øydelegging av kateter, fjernkontrollar og mykje rot. Dette er det mange elevar som er med på, og me vil ha fokus på dette. Fint om dette kan snakkas om heime, og at ein snakkar om at dette ikkje er akseptabel oppførsel. Me vil ha eit godt læringsmiljø på skulen.  

I januar arrangerer dei fleste vidaregåande skulane open dag/ope hus for elevar og føresette frå 10. trinn. Alle må gå på minst eit ope hus, sidan elevane frå avspasera ein halv dag rett før sommarferien.Ope hus er på ettermiddag-/kveldstid og er noko elevar og føresette gjer i lag når det er mogleg. Sjå oversikt over tidene HER.

Tryggheim vgs er noko tidlegare ute (27. nov.) og har i tillegg tilbod om hospiteringsdag. Les meir om det HER.


I samband med Offshore- og maritim dag som nokre 10.klassingar skal reise inn til Stavanger på onsdag 20. november, blir det eit arrangement for jenter og føresette om kvelden. Meir info under "Les meir". Påmelding HER.

Refleksdagen vert markert over heile landet. I 2024 blir refleksdagen markert torsdag 17. oktober. Målet er å få folk til å bruke refleks, slik at dei er meir synlege i trafikken og ikkje hamner i ei ulykke.
Elevane vil få utdelt kvar sin refleks i veke 42, før refleksdagen. I år har Nico Widerberg designa refleksar for Trygg Trafikk. Nico har laga refleksar med eit uttrykk som både viser krafta i naturen og den krafta vi menneske skaper saman.

 

HUGS REFLEKS I HAUST- OG VINTERMØRKET


Utdanningsval 
I førre veke var det Utdanningsval med besøk på vgs, diverse turar og mange elevar var i arbeidspraksis. Me håper elevane fekk nyttige erfaringar. Det vil bli litt etterarbeid frå UTV i nokre av faga, og elevane jobbar vidare med UTV i fagtimane fram til veke 3 med Erling Knutzen. Det kan vera lurt å snakka med elevane heime om kva erfaringa dei har gjort seg, og om dei har begynt å tenkja på kva dei vil søkja på til neste skuleår. 
 
Psykisk helsedag 
På fredag er det “Verdsdagen for psykisk helse”, og me skal ha ei felles markering for heile skulen. Temaet dette året er: # gi8minutter. Det vil det vera små drypp med temaet i løpet av veka i klassane. 
 
Elev- og utviklinssamtalane 
Lærarane begynner nå etterkvart å gjennomføra elevsamtalane. Etter dette vil det vera utviklingssamtalar. 
 
Haustferie 
I veke 41 er det haustferie! Me ønskjer alle ei herleg veke fri! 

Helsing oss på 10.trinn 


Me har elevar som har el-syklar/mopedar og me erfarer at mange kjører veldig fort og utan hjelm. 
Her er info frå politiet om desse kjøretøya og ulovleg bruk av dei. 

 

Sjå vedlagt dokument. 


Det blir gjort mykje bra arbeid, og mange elevar viser modning og motivasjon. Det er kjekt å sjå god framgang. 


Fagdag-sykkeltur
På tysdag i veke 38 skal 10. trinn på fagtur - me skal besøka og få omvisning i Time kyrkja og på Garborgheimen. Me skal sykla, så fint at de alle tek ein sjekk på at sykkelen er i orden. Alle elevane må ha hjelm, me brukar vanleg sykkel, ikkje el-moped. 
Dei som har arbeidslivsfag møter til fyrste time denne dagen, og får avspasera dette ved ein seinare anledning. 
 
Foreldremøte 
Torsdag 19. September kl 18.00 er det foreldremøte i Aulaen. Det vil blant anna bli mykje informasjon om vidaregåande skule. Viktig at føresette møter opp på møtet.  
 
Utdanningsval 
I veke 39 skal elevane ha utdanningsval (UTV). Elevane skal då bli kjent med eit nytt utdanningsprogram på vidaregåande skule. I løpet av veka skal elevane vera med  på turar til universitet og ulike bedriftar og elevane skal arbeida i ein bedrift. Kvar elev har fått ein oversikt over kor dei skal vera til ein kvar tid. Denne oversikten kan ein finna på ON Utdanningsval. 
Helsing oss på 10.trinn 

Strandtur 

 Me kastar oss rundt og reiser på tur på måndag 2 september sidan det er meldt så fint vêr. Det blir ein sykkeltur til stranda på Orre, og denne gongen må alle ordne seg sykkel og hjelm sjølv, skulen har ingen til utlån. Har du ikkje sykkel så spør ein venn eller nabo. Sjekk sykkelen i løpet av helga at den har nok luft, at bremsene virkar og setet er passe høgt, og at hjelmen passer og kan lukkast igjen. 

Me startar opp som vanleg 1.time i klasserommet, og så reiser me ca kl 8.30, med retur frå stranda ca kl 12.30. Det blir ulike strandaktivitetar og bading for dei som vil. 
Pakkeliste: 
-Sykkel og hjelm(!) Det er ikkje lov med el-sykkel eller el-moped. 
-Vanleg sunn matpakke (ikkje godteri og chips) 
-Drikkeflaske med vatn/juice/saft (ikkje brus eller energidrikk) 
-Handkle og badetøy om du vil bade 
-Solbriller, evt caps og solkrem 
-Noko å sitje på 
-Klær som du kan vere lett aktiv i 
 Mobiltelefonen bør ligge att heime denne dagen, men dersom du må ha den med kan ein vaksen passe på den. 

Utdanningsval 
I veke 39 skal elevane ha utdanningsval (UTV). Elevane skal då bli kjent med eit nytt utdanningsprogram på vidaregåande skule. I løpet av veka skal elevane vera med på turar til universitet og ulike bedriftar og elevane skal arbeida i ein bedrift. Kvar elev har fått ein oversikt over kor dei skal vera til ein kvar tid. Denne oversikten kan ein finna på ON Utdanningsval. Spør elevane om dei har skaffa seg arbeid, og hjelp dei. 

Snakk med elevane 
Minn elevane om å levera inn mobilen, eller la den vera heime. I tillegg skal elevane vera på skulen sitt område heile skuledagen. Fleire elevar går ut av skuleområdet i matfri, og går truleg ned i butikkane. Skulen har ei flott kantine med god og sunn mat.  

Foreldremøte 
Det blir foreldremøte 19. september kl 18.00 i aulaen. Meir info kjem etter kvart. 
Helsing oss på 10.trinn 


Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette.

"Jenter og teknologi" arrangerer tec-kveld for jenter (og foreldre) på Dalane vgs tirsdag 22. oktober kl. 18. Sjekk ut info og påmelding her.

Det var kjekt å treffa alle elevane igjen! Me fekk ei kort veke med skuledag på torsdag og fredag. I denne veka startar me opp for fullt med alle fag! Me håper alle er motiverte for å gjera ein god innsats med skulearbeidet!  

Mobilar 
Nytt av året er at me har heilt mobilfri skule. Me oppfordrar elevane til å legga mobilen igjen heime. Dei som har mobilen med seg, må levera den inn i mobilhotell på skulen (sjå ordensreglar som ligg på hemesida under "Brev og beskjedar"). Fint om dei som ikkje har tatt ein prat om dette heime gjer det. 
Matfriminutt 
Det er framleis ikkje lov å forlata skulens område. Det kan sjå ut som om eindel elevar har “gløymt” dette iløpet av sommaren, fint om dette og kan snakkas litt om heime. 

Bøker 
Elevane får utdelt lærebøker i nokre fag, andre fag har me digitale læremiddel i. Alle bøkene dei får utdelt skal ha bokbind, og dei må behandlast fint og leverast inn att når skuleåret er slutt. 
Fotografering 
I veke 35 kjem fotografen på besøk. Alle klassane skal ta gruppebilete, og alle elevane skal ta portrett. Desse bileta blir samla i ein skulekatalog som alle elevane får gratis. Dei får i tillegg tilbod om å kjøpa fotopakker utanom. Dette er valfritt. Sjå på vekeoversikten når din klasse skal fotograferast. 

Valfag 
Det vil vere mogleg å gjera enkelte byte dei første vekene i valfag, dersom det er ledig kapasitet i gruppene. Elevane må då ta kontakt med avdelingsleiar.  I løpet av året vil ein ikkje kunne byta, då alle fag er avgangsfag.   
Nye vaksne på trinnet 
Me har fått to nye kontaktlærarar på trinnet; Karen Hognestad Liland i 10a og Stian Emil Pettersen i 10b. Anna Magnussen Vik er ny trinnleiar på trinnet. 
Start og slutt på dagen  
Skulen startar kl 08:00 kvar dag. Måndag, onsdag, torsdag og fredag sluttar skulen kl. 14:10 og tysdag kl. 12:10.  I år har elevane UTV fram til veke 2. Frå veke 3 skal elevane ha fri denne timen. 

Nye fag 
I år skal elevane ha utdanningsval, symjing og kunst og handverk som nye fag. 
 
Arbeidslivsfag 
Dette året har elevane arbeidslivsfag på torsdag i 6.-7. time. Dei vil ha fri kvar tysdag i 1. time. Det kan vera lurt å minna elevane om å ha med ei god matpakke denne dagen, sidan den blir litt lengre enn dei andre dagane.     

Ipad 
Me minner om at elevane må ta godt vare på ipaden. Dei fekk ipad utdelt på torsdag, og det er viktig å oppdatera den og alltid lada den opp heime. 
 
Visma Min Skole 
For dei som er nye på BUS, så bruker appen Visma Min skole til kommunikasjon mellom skule og heim. Me vil at de lastar ned appen og loggar inn i Time kommune slik at de får meldingar me sender der. Der skal de også melde inn fråvær. 

Minskole.no/bus 
Følg med på heimesida vår. Der legg me ut vekeoversikt, vekeplan, timeplanar, årshjul, brev og beskjedar. Det er lurt å abonnera på nyheiter frå 10.trinn. Då får du e-post når me legg ut noko nytt. Abonnement må fornyast kvart år 
 
Foreldremøte 
Det blir foreldremøte 19. september kl 18.00 i aulen. Meir info kjem etter kvart. 

Helsing oss på 10.trinn 


Bryne ungdomsskule er ein Olweusskule, og det vil seia at me arbeidar jamnt og trutt med antimobbearbeid etter Olweusprogrammet.
Me har gjennomført Olweusundersøkinga på alle trinn, og årets mobbetal er 5,7%. Dette er lågare prosentvis enn det ein ser på landsgjennomsnittet.
Me er sjølvsagt ikkje nøgde med at nokre elevar blir mobba eller føler seg plaga, og dette jobbar me med dagleg for å få ned desse tala.

Me evaluerer undersøkinga grundig for å gjera endringar og setja inn nye tiltak. Undersøkinga blir tatt opp i alle klassane, i fellestid med lærarane, i elevrådet og i FAU.

Me er glade for at det er svært høg trivsel på skulen. Heile 96% av elevane seier at dei trives på skulen.

Klage på vurdering er regulert i kapittel 5 i forskrift til opplæringslova. 
Elevar og føresette kan klaga på standpunktkarakterane på avgangsfag.
På 8.trinn gjeld dette valfag, på 9.trinn valfag og mat & helse og på 10. trinn gjeld det alle faga siste skuleår.
I 10. trinn har ein og klagerett på eksamen. 

Visma “Hjemmeweb” er erstatta med “Foresattportal”. 

Det er i hovudsak utsjånaden som blir endra. De vil ha tilgang til same informasjon og funksjonar som tidlegare. De kan framleis bruke den same linken som ligg på skulen si heimeside. 


Nå kan du trygt og enkelt avtale timer på helsestasjonen og med skolehelsetjenesten via Helsenorge. Her kan du se dine barns timeavtaler, hvilket barn som har timen, få oversikt over vaksiner og sende meldinger hvis du lurer på noe.
Du har fullmakt for dine egne barn under 16 år, når du har gitt fullt samtykke. Det finnes også mye god kvalitetssikret informasjon til deg som forelder.
På Helsenorge får du også oversikt over din egen helse. Med tilgang til kjernejournal, kommunikasjon med fastlege og sykehus, prøvesvar, frikort mm.
Logg inn på Helsenorge for mer informasjon om digital helsestasjon. 

Kilde: Skolehelsetjenesten på nett (ks.no)


Velkommen til foredrag torsdag 3. november kl 19.00 - 20.00 i Storsalen v/ Time bibliotek. Hetlandsgata 11. 

Foredragsholdere er Elisabeth Husveg Ramstad, familieveileder ved Familiesenteret i Time kommune og Siri Stueland, helsesjukepleier i Time kommune. 

Arr: Jæren DPS / Time bibliotek

Arrangementet er gratis. 

 


BRUK AV VERKTØYET «KLASSETRIVSEL» I TIME KOMMUNE

Skulen har plikt til å følgje med på at elevane har eit trygt og godt skulemiljø og at elevane trivst på skulen, jf. Kapittel 9A i opplæringslova. For å sikra dette, brukar skulen ulike verktøy og metodar. Dette er til dømes observasjon, elevsamtalar, dialog med føresette, logg, anonyme spørjeundersøkingar og ikkje-anonyme spørjeundersøkingar. Klassetrivsel er eit verktøy for ikkje-anonyme spørjeundersøkingar der ein undersøker elevane sin trivsel.
Les meir om Klassetrivsel, GDPR og datasikkerheit her


Bryne Røde Kors har leksehjelp for ungdomsskuleelevar på Biblioteket på Bryne kvar tysdag kl. 16.00-18.00.