Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Informasjon veke 45-46

Vaksine 
Onsdag i veke 45 kjem helsesjukepleier til skulen for å vaksinera dei elevane som skal ta vaksine. Det er påfyll for difteri, stivkrampe, kikhoste og polio. Alle skal ha fått informasjon om dette på helsenorge, der ein godkjenner om ungdommen skal ta vaksine eller ikkje. Det er og delt ut eit skriv om dette. 

FRIDAG 
Fredag 15. november er det planleggingsdag og fridag for elevar. 

Hei verden 
I veke 47 startar me opp med årets solidaritetsinnsamling ved Bryne ungdomsskule. Me skal samla inn pengar til Hei verden, og me får informasjon måndag 18. november om prosjektet. På 10. trinn skal elevane ha “Jobb ein dag”, der inntektene frå arbeidet går til Hei verden. Fredag 29. november er arbeidsdagen, så det kan vera lurt å prøva å finna seg ein arbeidsplass i god tid. Det er óg mogleg å arbeida heime! Alle elevane vil få med seg heim ein lapp dei skal levera og fylla ut saman med arbeidsgivar. 

Elevundersøkinga 
I dei komande vekene skal me gjennomføra elevundersøkinga på heile skulen. Me bruker svara på undersøkinga til å jobba målretta med skulemiljøet og trivselen til elevane. Det er frivillig å svara på elevundersøkinga, men me ønsker helst at alle deltek, og svarer ærleg og så godt dei kan, slik at me har mest muleg rett informasjon når me skal jobba vidare med dette. 

Foreldremøte 10.trinn 
Minner om foreldremøte med Sterk & klar i kantina onsdag 20.november kl 18.00-19.30. 
 
 
Elev- og utviklingssamtalane 
Kontaktlærarane er i gang med elev- og utviklingssamtalane! Eleven skal vera med på samtalen. Det er forventa at dokke på førehand har vore inne på Foreldreportalen i Visma Flyt skole og lese framovermeldingane i dei ulike faga. 


Helsing oss på 10.trinn