Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Vedlegg
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Familiesenteret

Familiesenteret er et tilbod til familiar med barn i alderen 0-18 år. 
Her kan du få støtte og rettleiing i foreldrerolla og hjelp til å styrka samspelet i familien. Familiesenteret tilbyr og samtalar til barn og ungdom som har utfordringar eller psykiske helseplagar som dei treng hjelp til å meistra.  
På Familiesenteret møter du erfarne fagfolk med god kompetanse innan psykisk helse- og familiearbeid.  

Familiesenteret kan tilby: 
Familiesamtaler og individuelle samtalar 
Foreldrerettleiing 
Gruppetilbod til foreldre 
Grupper for barn og unge som har foreldre med helsemessige utfordringar som psykiske vanskar, kronisk sjukdom, eller som strevar med rus 
Foreldrerettleiing etter Marte Meo metoden 
Samarbeid med andre tenester etter behov 

Kven kan oppsøka familiesenteret? 
Foreldre som har barn mellom 0 og 18 år 
Barn og unge under 18 år 
Andre instansar kan etter samtykke ta kontakt på vegne av familien (barnehage, skule osv.) 

Rask hjelp:
Familiesenteret har inntaksmøte kvar tysdag og du får tilbakemelding innan 1 veke etter møtet. 
Tilbodet er gratis 
Ring eller stikk innom. 

Familiesenteret har eit felles telefonnummer: 51 77 61 11.

Synes du det er enklare å stikka innom, held dei til i 2. etasje på Bryne helsestasjon i Hulda Garborgsveg 8 på Bryne. 

På senteret arbeider:

Tina Salte Rosland, tlf 51 77 63 10, mob. 480 69 128  
Elisabeth Husveg Ramstad, tlf 51 77 63 24, mob. 489 50 438 
Roxana Maria Sandor, tlf 51 77 63 23, mob. 977 25 318  
Merete Søllesvik Hadland, tlf 51 77 63 21, mob. 489 51 549  
Arna Vold, tlf 51 77 63 06, mob. 489 90 718

familiesenteret@time.kommune.no