Skulen sin visjon er "Me vil gi elevane våre lyst på livet og even til å meistra det". Med det meiner me at me jobbar for at alle elevar skal få seg eit fagbrev eller ei utdanning slik at dei får seg jobbar som gjer at dei får gode og meiningsfulle liv.
Me lagar utviklingsplan for kvart skuleår. Mange av måla og tiltaka blir vidareført frå år til år, alt etter kva me kjem fram til i evalueringa.
Utviklingsplanen vert laga i personalet etter at me analyserer det me har av resultat og set dette i system. Planen heng også saman med overordna planar i Time kommune, slik som Strategiplan oppvekst m.fl.
Målet vårt framover er at 96 % av alle elevane skal få tilfredsstillande utbytte av opplæringa i ordinær undervisning.