Meny
Velg trinn/seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Informasjon veke 40-42

Utdanningsval 
I førre veke var det Utdanningsval med besøk på vgs, diverse turar og mange elevar var i arbeidspraksis. Me håper elevane fekk nyttige erfaringar. Det vil bli litt etterarbeid frå UTV i nokre av faga, og elevane jobbar vidare med UTV i fagtimane fram til veke 3 med Erling Knutzen. Det kan vera lurt å snakka med elevane heime om kva erfaringa dei har gjort seg, og om dei har begynt å tenkja på kva dei vil søkja på til neste skuleår. 
 
Psykisk helsedag 
På fredag er det “Verdsdagen for psykisk helse”, og me skal ha ei felles markering for heile skulen. Temaet dette året er: # gi8minutter. Det vil det vera små drypp med temaet i løpet av veka i klassane. 
 
Elev- og utviklinssamtalane 
Lærarane begynner nå etterkvart å gjennomføra elevsamtalane. Etter dette vil det vera utviklingssamtalar. 
 
Haustferie 
I veke 41 er det haustferie! Me ønskjer alle ei herleg veke fri! 

Helsing oss på 10.trinn