Velkommen til Bryne ungdomsskule - nye 8. trinn!
Me er i full gang med å planlegga og legga til rette for dei nye elevane som skal starta opp hos oss i august for skuleåret 2024/2025.
Publisert: 09.02.2024 09:05 Sist endra: aldri Forfattar: Elisabeth Dysjaland
Første foreldremøte blir allereie onsdag 14. februar kl. 18.00 i aulaen på Bryne ungdomsskule.
Her vil de få informasjon om skulen vår, valfag og språkval.
I forkant av dette møtet har me besøkt barneskulane, slik at barna dykkar har fått same informasjonen.
Andre foreldremøtet om oppstarten i august, vil me ha torsdag 13. juni kl. 18.00, på same stad.
Dei nye elevane blir inviterte til å koma fredag 14. Juni, for å treffa klassen, lærarane og sjå klasserommet sitt.
Me gledar oss til ny oppstart og til å møta borna dykkar.
Vennleg helsing alle vaksne på Bryne ungdomsskule.