Søke vgs med IOP (individuell opplæringsplan)
For å få fritak for vurdering med karakter (altså ikkje fritak for undervisning eller vurdering), må ein ha ein IOP - Individuell OpplæringsPlan. For å få ein IOP må ein bli utreda på PPT (Pedagogisk Psykologisk Teneste) og der få ei sakkunnig vurdering som ligg til grunn for eit enkeltvedtak hjå rektor. Ein vil då kunne få spesialundervisning. Dette kan ein òg få i den vidaregåande skulen (vgs).
Publisert: 16.11.2022 11:41 Sist endra: 13.04.2023 08:02 Forfattar: Erling Knutzen
På yrkesfag i vgs skal ein etter to år på skule og to år som lærling ta fagprøven for å få fagbrev. For å gå opp til fagprøven må ein ha ståkarakter i alle fag - dvs. 2-er eller betre. Dersom ein har ein IOP i vgs, vil ein ikkje få karakter i det eller dei faga IOP-en gjeld. Ein kan difor ikkje ta fagbrev på 4 år (Det fins ein dispensasjonsordning som de går ann å søke, men det skjer evt i etterkant). Ein går då mot grunnkompetanse og ikkje fagbrev. Desse elevane kan på eit seinare tidspunkt ta fagbrevet når dei har nok arbeidserfaring. Dette er minimum fem år relevant erfaring inkludert evt. læretid. Ein kan då få fagbrev utan å ha hatt eller bestått fellesfag som norsk, engelsk og matematikk.
Dei fleste elevane som søker vgs med spesialundervisning vil gå i vanlege klassar sjølv om dei ikkje har karaktervurdering i alle fag. Dersom ein vurderer at det ikkje vil fungere tilfredstillande, kan eleven søkjast inn på grunnkompetanse tilknytta vanleg klasse eller i mindre grupper som arbeidstrening eller kvardagslivstrening. Det er og mogleg å gå rett ut i arbeid/lære etter ungdomsskulen. Dette viser seg å vera krevjande på andre måter, men kan vera det rette for enkelte elevar.
Har du spørsmål om dette, ta kontakt med rådgjevar Erling Knutzen på tlf. 51776445 eller e-post: erling.knutzen@time.kommune.no.