All yrkes- og utdanningsinformasjon er lagt inn i faget Utdanningsval. Elevane skal til saman ha 110 timar i dette faget. Faget vert ikkje lagt ut på timeplanen kvar veke, men vert gjennomført i periodar kvart skuleår.
8.trinn: Ein periode i mai/juni som me kallar "Næring på Jæren". Her har me mellom anna besøk av ulike bedrifter, jobbskugging, innovasjonscamp og opplegget "Økonomi og karriereval". Ein del av dette skjer i samarbeid med Ungt Entreprenørskap og SR-bank.
9. trinn: På hausten har me elevbedrifter (EB) som vert avslutta med ei bedriftsmesse. Dette skjer i samarbeid med Ungt Entreprenørskap. I januar er det fagdag der utdanningsprogramma i den vidaregåande skulen vert presenterte. I april/mai er det ein dags hospitering på eit utdanningsprogram i den vidaregåande skulen og opp til fire dagar i arbeidspraksis/prosjekt/turar tilknyta det utdanningsprogrammet ein fordjupar seg i.
10. trinn. Me har ein ny fagdag i god tid før ny eindags hospitering på eit utdanningsprogram i den vidaregåande skulen og opp til fire dagar i arbeidspraksis/prosjekt/turar tilknyta det utdanningsprogrammet ein fordjupar seg i. Elevane må her velje eit anna utdanningsprogram å fordjupe seg i enn på 9. trinn. På hausten i 10.trinn har alle klassane ein time utdanningsval i veka. Lærar her er rådgjevaren. I løpet av hausten/vinteren er det tilbod om ulike arrangement/utdanningsmesser med ulike fokus som elevane kan melda seg på. Før søknadsfristen til vidaregåande skule går ut 1. mars, skal alle elevane ha vore til minst ein samtale hjå rådgjevar. Elevar og/eller føresette kan sjølvsagt be om fleire samtalar.
I samband med utdanningsval-periodane har elevane ulike former for for- og etterarbeid, mellom anna vert opplegg for utdanningsval på utdanning.no nytta.