Meny
HER FINN DU TRINNA Trinn 7
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 97515058 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Refleksdagen vert markert over heile landet. I  2024 blir refleksdagen torsdag 17. oktober. Målet er å få folk til å bruke refleks slik at dei er meir synlege i trafikken og ikkje hamnar i ei ulykke. 
Elevane vil få utdelt kvar sin refleks i veke 42. I år har Nico Widerberg  designa refleksar for Trygg Trafikk. Nico har laga refleksar med eit uttrykk som både visar krafta i naturen og den krafta vi menneske skapar samen.

 
Trygg Trafikks beste reflekstips for gode vaner

. Fest refleks på alle jakker og sekker/bager.

. Legg refleksbånd (slapwrap) oppi skoen, slik at du husker å ta det på når du skal gå ut

· Bruk refleks som beveger seg når du går, da synes du best

· Bruk minst to reflekser slik at du er synlig fra alle kanter

· Heng refleksen i knehøyde eller bruk refleksbånd på bein

HUGS REFLEKS 17. OKTOBER OG VIDARE I HAUST- OG VINTERMØRKE

I dag hadde 1. klasse kunst og handverk saman med dei gode faddrane sin i 6. klasse.

Det vert foreldremøter for alle trinna onsdag 18. september

For 1.-4. trinn: oppstart i mediateket klokka 18.00 til eit fellesmøte med adm. 18.30-19.30 klassemøter.

For 5.-7. trinn: oppstart i klassane 18.00-19.00. Fellesmøte med adm. i mediateket klokka 19.00-19.30

Velkommen😊


Endelig har det kome nye bøker til biblioteket! Alle er ikkje heilt nye, men for oss er dei nye! 🤩

Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet.  Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette.  

Ordensreglane i Time kommune er reviderte og vedtekne 18.juni 2024. Det kan vere greit for dykk føresette å gjere dykk kjent med reglane. 

Nytt er at alle skulane skal vere fri for mobil- og smartklokker i timar og friminutt. For Undheim skule ønskjer me at mobil- og smartklokke vert att heime.

https://www.time.kommune.no/_f/p1/i10b082a8-3b35-4ee5-970a-12528964d081/forskrift-om-reglement-for-orden-og-atferd-ordensreglement-ved-skulane-i-time-kommune.pdf


Velkommen tilbake til skulen. Særleg velkommen til dykk, som er nye elevar på skulen og 1. klassingane. 

Alle elevane møtar opp i skulegarden kl. 08.15. Her vert det opprop og møte med dei lærarane de skal ha dette skuleåret.

Elevane som skal byrje på 1.trinn har med seg føresette. Dei vert ropt opp ein og ein, helsar på rektor og går til sin lærar. Det vert også høve til å ta bilete. Elevane går deretter til sitt klasserom. 

Skuledagen varar fram til 12.40 for dei minste og fram til 14.25 for dei eldste. Den første skuledagen kan vere stri for dei minste. Så det kan vere lurt å tenkje på om dei skal ha full dag i SFO etterpå. 

Helsing Gerd
-rektor