Frå Trafikkplan for Undheim skule seier retningslinjene ved
bruk av sykkel/sparkesykkel følgande:
Det er foreldra som avgjer kva tid barna kan bruka sparkesykkel eller sykkel til
skulen. FAU oppmodar elevane på Undheim skule til å gå til og frå skulen.
FAU vil
oppfordra foreldra å venta med å gje lov til å sykle til elevane går i 5.klasse,
på bakgrunn av råd frå Trygg Trafikk.
Ved bruk
av sparkesykkel eller sykkel til og frå skulen er det føresette sitt ansvar at
personleg sikkerheitsutstyr er på plass. Skulen vil at alle elevar alltid skal
bruka hjelm til og frå skulen, og på alle sykkelturar i skulen sin regi.
Ordinær skuleskyss. I opplæringsloven § 7-1 står det om skyss i grunnskulen. Elevar i 2.-7. årstrinn
som bur meir enn fire kilometer frå skolen har rett til gratis skyss. For
elevar i 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg
eller vanskeleg skoleveg har rett til gratis skyss utan omsyn til veglengda. For dei som tek skulebuss er det viktig å halda reglane for av- og påstigning. I Skyssreglement for elevar i grunnskulen vedteke av Fylkestinget 2018 kan du lese meir om reglementet for skuleskyss. Skyssreglement for lever i grunnskulen
Farleg skuleveg rundt Undheim skule. Time
kommune har gjort ei vurdering av vegane inn til Hognestad skule, Lye skule
og Undheim skule. Dei har laga kart som viser kva vegar som er trygge å ferdast
på for mjuke trafikkantar. På kartet er dei trygge vegane farga grøne og dei
som ikkje er trygg røde. Levekår i Time har vedteke at dei som må bruka dei
røde vegane for å koma til skulen, kan søkja om skuleskyss sjølv om dei ikkje
har krav på skyss på grunn av veglengda.
Dei
som må nytta dei røde vegane for å koma til skulen, kan søkja skulen sin om
skyss på grunn av farleg skuleveg. Sjå vedlegg
Delt bustad. Dersom eleven har delt bustad kan de søke om skyss. For å få innvilga skyss, er det visse vilkår som må oppfyllast. Det er Kolumbus som behandlar og svarar på søknaden.Søknadskjema finn de her Delt bustad Fyll ut og send til skulekonsulenten.
De
finn søknadsskjema og kart over farleg skuleveg til høgre i margen.