I
Timeskulen bruker me lærebrett som verktøy for læring. Dette betyr at kvar elev
får tildelt ein iPad med tastatur som dei skal bruka som sitt arbeidsverktøy i
opplæringa på skulen, og i arbeid med leksene heime. Som del av at kvar elev
får ein iPad til utlån er det utforma kriterium som elevane må forhalda seg
til. For at elevane skal kunne ta med seg iPaden heim, må signert informasjonsskriv leverast attende til skulen.
Administrering og sikkerheit knytt
til personvern
-
Oppsett
av Apple-ID og innhald på iPaden vert administrert av kommunen. Elevane skal bruka passord for å opna
iPaden.
-
Office
365 vert nytta som arbeidsplattform. I denne løysinga er det tilgjengeleg
e-post program. Dette skal ikkje vera tilgjengeleg som app på iPad for elevar
på 1.-4. trinn. Den kan vera tilgjengeleg for 5.-7.trinn med samtykke frå
føresette.
- IPaden
er knytt til trådlaust nettverk i kommunen som er regulert med tanke på
innhald.
Nettvett
- Med
bruk og tilgang på teknologi medfører det kritisk tenking og ansvar. Skulane
jobbar aktivt med dette temaet, og det skal vera lett tilgjengeleg informasjon
på heimesidene om korleis dette vert utøvd på dei ulike trinna.
Reglement for bruk av lærebrett
- iPaden
er leasa for fire år for 1-4.trinn, og tre år for 5.-7. trinn og for 8.-10.
trinn. Etter dette skal iPad, omslag/tastatur og ladar leverast tilbake igjen.
Eleven vil få utlevert utstyr for ein ny periode.
- iPaden
er skulen sin eigedom, elevane må ta godt vare på den og handsama den på ein
forsvarleg måte. Jmf kommunalt ordensreglement: «elevane skal ta godt vare på alt som tilhøyrer skulen.»
- iPaden
skal alltid oppbevarast i omslaget. Det kan i tillegg vera lurt å ha ein pose,
eller anna form for vern når den er i skulesekken.
- Elevane
skal sørga for at iPaden er opplada til kvar dag.
- Elevane
skal ikkje logga seg på med privat Apple ID på
iPaden.
- Elevane
skal ikkje slå på tofaktorautentisering dersom det kjem spørsmål om dette, og heller
ikkje leggja inn telefonnummer om dei blir bedt om det.
- Elevane
kan ikkje lasta inn spel og appar utan avtale med skulen.
- På
skulen sitt nettverk har me strenge restriksjonar. Heimen er ansvarlege for kva
iPaden blir brukt til på andre nettverk utanom skuletida.
- Ved
forsiktig og normal bruk, varer ein iPadladar og leidningen gjennom
leasingperioden. Dette skal leverast inn når perioden er slutt. Dersom dette
blir øydelagt, må dette erstattast av heimen.
- Elevane
får eit omslag/tastatur som skal brukast i fire eller tre år. Dersom dette vert
øydelagt må heimen kjøpa nytt dersom ein ønskjer å ha dette.
- Føresette
kan bli erstatningsansvarlege for iPaden etter Skadeerstatningslova § 1 – 2
første og andre ledd. Dette betyr at dersom eleven har øydelagt sin eigen,
eller andre sin iPad eller tastatur med vilje, kan foreldra bli
erstatningsansvarlege med inntil 3700kr.
Ved Undheim skule legg ein skulesaker igjen på skulen i feriar og i helger.