Året 2023/2024 tilbyr Undheim skule leksehjelp til elevar frå 5.-7. klasse. Leksehjelp er etter skulen måndag frå kl. 13.15 - 14.15 på skulen sitt mediatek.
Leksehjelpa inneheld følgjande ansvar:
Eleven sitt ansvar:
- Møte presis til leksehjelpa.
- Ha med vekeplan og iPad, riktige bøker og skrivesaker.
- Jobbe konsentrert med leksene og ikkje forstyrre andre.
- Levere lekser til lærar i tide.
Føresette sitt ansvar:
- Gå gjennom leksene saman med barnet.
- Øve leseleksa saman med barnet.
- Hjelpe eleven til å ferdigstille leksene.
Skulen sitt ansvar:
- Leksene skal vere kjent stoff for elevane.
- Leksene skal vere tilpassa.
- Elevane får med vekeplan på iPad. Vekeplan ligg også på skulen si heimeside.
§13-7a Plikt for kommunen til å ha tilbod om leksehjelp
Kommunen skal ha eit tilbod om leksehjelp i grunnskulen. Tilbodet skal vere gratis for elevane. Elevane skal ha rett til å delta på leksehjelptilbodet, men det skal vere frivillig om dei ønskjer å delta.