Solidaritetsaksjonen "open skule"
Tusen takk for ein veldig gild kveld i går! Det var så kjekt å sjå alle dei blide og glade elevane som fekk visa fram skulen til foreldre og besteforeldre, og samstundes fekk lov til vera med på å bidra til å støtta Barnekreftforeninga.
Publisert: 18.10.2024 15:09 Sist endra: aldri Forfattar: Lise Bø Emberland
Me har ikkje fått heilt eksakt beløp enno fordi me har eit par gjenstander som enno står til auksjon, men kan avsløra at me har samla inn rett over 90 000 kr. Tusen takk til alle som var med og bidrog til at det blei eit vellukka arrangement. Me håpar på at dette med "open skule" kan bli ein tradisjon framover her på Rosseland.