Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Reglar for turar og ekskursjonar

.TURAR og EKSKURSJONAR

• Det skal minimum vera 1 vaksen pr 15 elevar

• Heimen skal informerast om reisemål, tidspunkt, reisemåte og hugseliste for kva som skal med i sekken.

• Før turen skal dette vera klargjort
• Oppførsel for turen• Prosedyre når bussene kjem til skulen
• Prosedyre når elevane går av/på
• Kven blir med på turen• Ansvarleg leiar
• Oppteljing før avreise og retur
• Opplegg for dei som eventuelt er igjen på skulen
• Elevar som treng spesielt tilsyn/bruker medisinar osv.

Dersom det vert brukt privatbil må ein ha løyve frå foreldra

 

SYKKELTURAR

• Det skal vera med 2 vaksne med refleksvest. Ved korte turar kan ein vurdera om det er naudsynt.
• Alle elevar skal nytta sykkelhjelm. Dersom dei ikkje har, må dei låna av andre eller av skulen
• Føresette sjekkar om sykkelen er i forskriftsmessig stand
• Lærar har med førstehjelpsutstyr, lappesaker, pumpe og mobiltelefon, evnt avtale med fylgjebil.


OVERNATTINGSTURAR

• Foreldra må gi skriftleg løyve.
• Informasjon til heimen om reisemål, tidspunkt, reisemåte, ansvarleg for turen og kva for vaksne som er med.
• På småskuletrinna er det ein vaksen pr 10 elevar. På mellomtrinn er det ein vaksen pr 15 elevar.