Skulen utarbeider kvar vår ein utviklingsplan for neste skuleår, basert på eigne analyser av læringsresultat og læringsmiljø.
Jærskulen legg føringar på korleis denne skal utarbeidast i dokumentet "Kvalitetsplan for utvikling i Jærskulen". Her heiter det m.a.:
Skulen sin eigen utviklingsplan er saman med plan over skulen si pedagogiske utviklingstid dei konkrete dokumenta som skulane arbeider med til dagleg. Utviklingsplanen vert revidert kvart skuleår, sjølv om måla kan vera meir langsiktige. Utviklingsplanen er eit dynamisk dokument som vert endra gjennom skuleåret dersom undervegsvurdering syner at det er naudsynt.
Utviklingsområdet våre er:
Læringsmiljø - Større grad av elevmedverknad for å skapa motivasjon læring og trivsel
Læringsresultat - Lesing som grunnleggjande ferdigheit. Alle elevar på alle trinn har progresjon i leseing