Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Skulebiblioteket

Me ynskjer å ha eit levande rom, med eit godt utval litteratur i alle sjangrar. Det skal vera ein arena som innbyr til leselyst og som kan freista til forsking og nysgjerrighet. Gjennom presentasjon av bøker, lesegiring og veiledning ynskjer eg at elevane skal få lyst å koma til skulebiblå for å få bøker tilpassa deira nivå.Elevane skal merka at dei er med å eiga bøkene. Nokre av elevane får tittelen Bibliotek-assistent. Denne rolla vil gå på rundgang og assistentane får ein viktig jobb med å vera med på å halda biblå ryddig og oversikteleg.Jakta etter kjekke og interessante bøker er ein pågåande prosess for biblioteksjefen. Skulebiblå er så heldig at fleire tek kontakt for å høyra om me vil ha bøker. På vegne av skulen vil eg takka så mykje for alle desse skattane! Elles vil eg oppmoda alle vaksne til å lesa høgt saman med borna. Det kjem fram gong etter gong, at ungar likar å sitje saman med ein vaksen og høyra på magien som er mellom to permar.Treng du gode tips til ei høgtlesingsbok, ikkje nøl med å ta kontakt.

God lesing!

Unni