Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Korleis forheld ein seg når eleven har fått lus?

For å sikre ein lusefri haust, oppmodar Folkehelseinstituttet alle skular og barnehagar til å arrangere kampanje mot hovudlus i veke 35.   
Me oppfordrar difor foreldre og føresette til å foreta lusesjekken helga 28.-30.august, og med fortløpande behandling dersom dei oppdagar lus. Heile familien bør undersøkast.

Foreldre eller føresette som oppdagar hovudlus, bør varsle skule eller barnehage samt foreldre til nære skule- eller fritidsvener av barnet, slik at dei også kan bli sjekka og eventuelt behandla. Jamleg lusesjekk er det beste middelet for å redusere talet på tilfelle av hovudlus. Folkehelseinstituttet anbefaler sjekk med lusekam minst ein gong i månaden. Vi håpar at alle elevar på vår skule støttar opp om aksjonen slik at vi i fellesskap kan redusere luseplaga hos oss. 

Sjå dokument til høgre for meir informasjon om lus.