Fotografering og film av elevar er regulert av lov om personvern og datatilsynet. Skulen må difor henta inn samtykke frå føresette for at dette skal vera lov. Etter at elevane er 13 år skal dei sjølv samtykke til dette.
I Time er utarbeida eit nytt system for samtykke i Visma Flyt skole som gjeld frå august 2024. Føresette blir her bede om å gje 3 samtykke:
Samtykke til bruk av bilete og film i skule og SFO i Time kommune
Samtykke til å vera med på bilete tatt av skulefotograf
Samtykke til deling av bilete/film i skulen sine sosiale media
Det gamle samtykket til fotografering er ikkje gjeldande etter august.
Skulefotografen kjem til skulen vår for å ta bilete av 1.trinn torsdag 5.september. Det vil då bli tatt klassebilete og portrettbilete. Dei andre elevane blei det tatt portrettbilete av i vår. Det vil bli laga ein Skulekatalog som blir levert i oktober. Den vil innehalda klassebilete og portrettbilete av 1.trinn, og portrettbilete av alle dei andre elevane og personalet.
Me ber om at alle føresette går inn og gir samtykke så raskt som mogleg. De kan gje samtykke via app’en “Min skule- foresatt" eller via “Foreldreportalen” i Visma Flyt skule som de finn til venstre på skulen si heimeside.