Meny
Velg seksjon Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
"Hjertesone" rundt Rosseland skule - ingen parkering

Då er skuledagen godt i gang for elevane våre. Eg håpar både barn og foreldre har opplevd skulestarten som god og trygg for barna.
Eit trygt og godt skulemiljø er avgjerande for læring, og består av mange små tiltak.

Eit av desse har med trafikkavvikling å gjera. Det er no etablert ei såkalla "Hjertesone" rundt Rosseland skule. Ei slik sone har to hovudformål:

1. Eit helsemessig perspektiv - barn bør gå eller sykla til skulen, og ikkje bli køyrd. Om foreldre ønskjer å følgja barna til skulen, gjer det til fots!
2. Eit trafikkmessig perspektiv - det skal vera minst mogleg biltrafikk rundt skulen.

For å unngå farleg biltrafikk nær skulen, er det etablert ei "dropsone" ved Tennishallen. Om de likevel vel å køyra; kan de køyra inn, stoppa, setja av barnet og køyra ut igjen. Barna må då gå på fortauet opp mot skulen

Les meir her:Trygg trafikk


Det er ikkje lov å køyra inn i Dronning Maudsgt, og parkera utanfor skulen for å setja av barnet utanfor skulen, eller parkera der når barnet skal hentast. Det står parkering forbudt-skilt langs heile vegen Det er heller ikkje anledning til å parkera på skulen sin parkeringsplass for å parkera og følgja barnet opp til klasserommet. Parkeringsplassen er for dei tilsette.

I praksis gjer dette det vanskeleg å køyra barna til skulen, og det er litt av hensikta. Det er snakk om ei adferdsendring blant dei vaksne. Barn treng å bevega seg, og ikkje venna seg til å bli køyrd over alt.

Etter at "Hjertesona" er innført har me opplevd stor betring av tryggleiken i Dronning Maudsgate. Diverre er det nokon som har funne eit smutthol i Rosselandsvegen. Der melder fleire som bur der om farlege situasjonar og stor trafikk. Dette er svært skuffande. De er de som foreldre som må vera med å ta ansvaret for at det ikkje er trafikkfarleg i ein radius på 200-300 meter rundt skulen.

Og føresette må saman med skulen snakka med barna om dette, og læra dei gode rutinar for korleis dei kan gå trygt på skulevegen. Det kan bety at dei må følgjast ei stund, eller det kan etablerast "gåbussar" der foreldra er "sjåførar" på omgang.