Denne veka har handla mykje om 100.
Me har skrive tekst som handla om "Når eg blir 100 år". Me har gjort hundraroppgåver i matematikk og i gymtimen gjorde vi 100 gymøvelsar. I går hadde me 100-dagars fest og i dag hadde vi tenkt å avslutte veka med ein tur og turmat. Verêt var ikkje heilt på vår side og då bestemte me oss for å sjå Ola Froskesnapper i aulaen i staden. Turmaten åt me i fellesskap i kantina. Elevane synes dette var stor stas og kosa seg veldig både med filmen og maten.
Turen får me ta ein annan dag.