Meny
HER FINN DU TRINNA Trinn 0
Trinn 0
Trinn 1
Trinn 2
Trinn 3
Trinn 4
Trinn 5
Trinn 6
Trinn 7
Bjønnholen 10 4342 Undheim Vis på kart
Telefon: 51 77 83 60 Send e-post til oss
Redaktør: Gerd Rusdal
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
I dag var det siste skuledag for alle elevane på Undheim skule. Litt spesielt er det å sei adjø til dei største, ungdommane våre i dag. Dei syns sikkert og at det var krevjande å takke av. 1.klasse syns dei har lært mykje dette året, og er klar til å vere gode rollemodellar til dei som skal byrje på skulen vår til hausten. Til alle elevar og føresette: ha ei riktig god sommerferie. Så sjåast me att i august😊☀️🌸

Det er no åpna for bestilling av skulemjølk til skuleåret 2024-2025.

Hugs å melde barnet dykkar på rett klasse til neste skuleår.

De bestiller på : www.skolelyst.no


Takk for godt oppmøte på 0. klasse foreldremøte. Håpar de fekk eit godt førstemøte med skulen. 

I kolonna til venstre under informasjon vil de finne Tips fram mot skulestart.


Då er me godt i gang med eit nytt skuleår og alle er glade for at me har lite smitte i regionen. Dette medfører at me i utgangspunktet kan ha tilnærma vanleg skulekvardag.  Det er frå statleg hald utarbeidd ein trafikklysmodell som gjev utfyllande informasjon om kva tiltak som skal setjast i verk alt etter om ein er på grønt, gult eller rødt nivå. Slik situasjonen er nå er me på gult nivå

For å hindra spreiing av Covid-19 er det tydelege føringar på at ein skal halda seg heime dersom ein får luftvegsinfeksjonar. Dette gjeld alle- elevar som lærarar. Me går nå hausten i møte og det er vanleg å verta forkjøla eller få andre symptom på luftvegsinfeksjonar. Dette medfører at det på skulane kan oppstå situasjonar der det er mange lærarar, miljøveiledarar, fagarbeidarar og assistentar som er borte på same tidspunkt. Dersom det vert for mange med symptom kan det føra til at ein ikkje har kapasitet til å organisera undervisninga på vanleg måte. Skulane skal strekkja seg langt og først vurdera moglegheitene for å flytta på personell eller bruk av vikar for å oppretthalda undervisninga. Der dette ikkje lar seg gjennomføra vil ein kunna koma i den situasjonen at enkeltklassar eller trinn må få heimeundervisning til lærarane er komne attende på skulen. Skulane er ulik i storleik og kapasitet, og det kan verta ulike løysingar for den enkelte skulen i Time. Dette gjeld og for SFO. Om det skulle bli stort fråvær i personalet, kan det bli reduksjon i opningstida. Det er viktig med føreseielege rammer for dykk som foreldre. Rektor vil ha dialog med Fau leiar og det vil verta utforma føringar/rutinar for eiga verksemd. 

Når skal ein testa seg og vera heime? 

Alle med nyoppståtte luftvegssymptom (inkludert sår hals eller naseforkjøling) eller som mistenker at dei er smitta av covid-19, bør testa seg. Ein skal vera heime fram til negativ test føreligg og ein er i god form. Ein treng altså ikkje vera heilt symptomfri så lenge testen er negativ. Dersom ein vert heilt symptomfri før testsvaret føreligg, kan ein gå på skule/jobb. 

Barn i barnehage og barneskule med lette symptom på luftvegsinfeksjon kan sjå an symptoma heime eit par dagar før testing. Ved rask betring kan dei gå tilbake til barnehage/skule utan å testa seg. Barn med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, behøver ikkje haldast heime eller testast.   

 

Øystein Fjetland Øgaard, kommuneoverlege           Pamela Sudman, skulesjef  


Her kjem oversikta. Minner om at ting kan skje og at lista er med føresetnad:

1. Grete Stokke Seljeskog

2. Ann Synnøve Hareland

3. Arne Ersdal

4. Maren Asheim

                                    5. Torbjørn Jess

                                    6. Grethe Gundersen

                                    7. Anne Haaland.


Nå er ny plan for dagen lagt ut på heimesida(trykk Meny-info skulekvardag-skuledagen/klokkeslett).

Pga endringane kan det ver at du ønskjer SFO-plass. Då melder du på eleven via Visma(sjå heimesida-SFO).

Ønskeleg med påmelding for hausten innan fredag 5.juni.

Spørsmål kan rettast til Aud Jane, sfo-leiar.

Oversikt over bussruter og tider kjem så snart det er klart frå Kolumbus.

Mvh Jorunn


Før korona covid-19 satte oss ut, hadde me opent frå 07.15-16.00. Gjennom perioden endra med frå 07.30-15.30 og fortsett med det til sommaren.

Frå hausten ønskjer me å leggje tilrette for at brukarane kan medvirke, det betyr at opningstidene ikkje er satt. Når me har ein oversikt på kven som ønskjer SFO, vil me fastsetje opningstidene saman.

Time kommune har ei ytre grense som er 07.15-16.30. Me har ein kabal for personal som skal gå ihop og mange foreldre ønskjer opnigstider lik barnehagen. Meir info kjem.

I Fau-møte i går hadde me innspel på kvalitetsplanen for SFO, der forslaget var å kunne kjøpe berre morgen eller berre ittemiddag. Det tek eg vidare innan 12.juni til høyring. Har andre innspel, send dei til oss eller ring oss.

Mvh

Jorunn, rektor og Aud Jane, SFO-leiar.