I veke 11 og 12 reiser 8. trinn på leirskule til Knaben. Leirskuleturen er ei kjekk, lærerik og utruleg spanande veke for elevane. For nokon er det deira fyrste møtet med snø og ski, for andre er det fyrste gongen dei søv vekke frå mor og far. Lærarane skal gjere det dei kan for at veka skal bli best mogleg for alle. Det er og viktig at elevane er den beste versjonen av seg sjølve og at de foreldre er tilgjengelege og i beredskap ved behov.
Informasjon om turen kjem no slik at det er mogleg å ynskje seg gode klede og utstyr som ein kan trenge under opphaldet (sjå vedlagt infoskriv med forslag til pakkeliste).
Veke 11 (10.03.25 - 14.03.25) reiser 8a og 8c.
Veke 12 (17.03.25 - 21-03.25) reiser 8b og 8d.
Trykk "Les meir" for å finne meir informasjon om leirskulen.