Meny
Velg avdelinger Framside
Vedlegg
Stasjonsvegen 26B 4350 Kleppe
Telefon: 51 42 97 00 Send e-post til oss
Redaktør: Sigurd Ravndal
Visma FLYT skule
Pålogging Visma FLYT
Min Timeplan
Min Timeplan
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<november 2024><<
november 2024
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293001
02030405060708
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Elevundersøkinga
Elevundersøkinga
Info om elev til andre enn foreldra

Informasjon om eleven til ny sambuer / ektefelle

Ny sambuar/ ektefeller har ingen formell foreldrerolle overfor eleven, og har dermed ikkje automatisk rett til opplysningar om eleven. Skulen kan ikkje gje taushetsbelagt informasjon til ny sambuar / ektefelle uten at det er gitt samtykke til dette. Skulens taushetsplikt er avgrensa til opplysningar om personlige forhold. Skulen kan såleis utan samtykke gje informasjon til andre om generelle og praktisk ting, slik som aktivitetar, rutinar, klé og anna.

Viss derimot andre enn foreldre skal få personopplysningar om eleven, delta på utvklingssamtalar, stille på foreldremøter og som foreldrekontakter, må ein innhente samtykke frå begge foreldra. Dette uavhengig av om kun den eine forelderen har hovudansvar for dagleg omsorg av eleven. Bruk skjema til høgre.

Informasjon ved felles foreldreansvar: Begge foreldra har rett til same informasjon frå skulen om barnets skulegang. I hovudsak skal den av foreldra eleven bur hos få informasjonen. Den av foreldra som barnet ikkje bur hos, kan henvende seg til skulen og be om å få informasjon direkte til seg. Bestemmelsen gir derimot ikkje rett til opplysningar om den andre forelderen eller øvrige forhold i heimen. Når det gjeld dagligdags informasjon mellom skule og heim, som f.eks skulebøker, gymtøy osv, kan det vere svært upraktisk for skulen å formidle dette til begge foreldra når dei ikkje bur saman. Utgangspunktet i slike situasjonar er at skulen kun sender dette til den eleven bur med.

Begge foreldra kan logge seg inn i VismaFlyt skule og der finne informasjon om eleven: Fråvær, gløyming, anmerkningar, karakterar o.l.

Utviklingssamtaler: Begge foreldra kan møte til utviklingssamtaler, foreldremøter o.l. Dei kan imidlertid ikkje kreve å få separate utviklingssamtaler. Skulen pliktar å tilby minst to samtaler i året til foreldra sett under ett. I praksis kan foreldrene avtale seg imellom om å bruke kvar sin utviklingssamtale. I tilfelle der berre den eine av foreldra møter til samtalen, har skulen ikkje plikt til å sende notat frå samtalen til den andre av foreldra.

Informasjon der det ikkje er felles foreldreansvar: Den av dei biologiske foreldra som ikkje har foreldreansvaret, har óg rett til informasjon om barnets skulegang. 

Barnelova

FUG sine sider om emnet