
Kvar skule skal ha eit foreldreråd der alle som har barn på skulen er medlem. Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tar aktivt del i arbeidet med å skape eit godt skulemiljø. Viser også til føringane i opplæringslova §10-4.
Innan utgangen av september vel foreldrerådet eit arbeidsutval (FAU). Det er likevel sterkt tilråda at dette valet blir gjennomført før sommarferien, slik at det er klart til nytt skuleår.
FAU vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiar for FAU skal vere den eine representanten.
FAU skuleåret 2024-2025:
8. trinn (8a): Monica Aase (2 år)
8. trinn (8b): Ragna Stakland Svela (2 år)
8. trinn (8c): Silje Lunde Randeberg, Leiar (1 år)
8. trinn (8d): Linda Øvrebø (1 år)
9. trinn (9a): Steinar Orre
9. trinn (9b): Hilde Grude, Kasserar (1 år)
9. trinn (9c): Andrea Bjørkavoll-Bergseth (2 år)
9. trinn (9d): Pål Pollestad (1 eller 2 år)
10. trinn (10a): Hege Veronica Stokka
10. trinn (10b): Helge Sæland
10.trinn (10c): Magrete Torland, Nestleiar
10. trinn (10d): Ola Sotnakk, Referent
FAU har bestemt at det skal vera ein representant pr klasse (sjå nedst korleis val blir gjennomført).
Rektor er også med på alle FAU-møte, så sant det er mogeleg og ønskeleg.
Vedlegg til årsmøta og møtereferat blir samla på høgre side av denne sida.
Klikk på lenka for å lesa om Foreldrerådet og FAU.
Val av representantar til FAU
(Innført skuleåret 23/24)
For å skapa kontinuitet i FAU gjeld dette:
8. trinn |
2 år |
2 år |
1 år |
1 år |
9. trinn |
- |
- |
2 år |
2 år |
10. trinn |
1 år |
1 år |
- |
- |
FAU-leiar møter nye 8. trinn på siste foreldremøte før sommaren. Klassane tek val av representantar til FAU då.
9. og 10. trinn føretek seg val første foreldremøte på hausten. Ansvarleg er avtroppande FAU-meldlem.