Ein søkjer vgs på vigo.no og fristen er 1. mars. Ein må logge seg inn på Vigo.no med BankID eller MinID.
I løpet av januar/februar får elevane instruksjonar og informasjon av rådgjevar, slik at all får søkt.
Reglane for søking til vgs er slik:
- Alle må setje opp tre ulike utdanningsprogram i prioritert rekkefølge
- Ein har rett på å kome inn på eit av tre oppsatte utdanningsprogram
- Ein må setje opp mellom ein og tre skular på kvar utdanningsprogram i prioritert rekkefølge
- Ein har ikkje rett til å kome inn på ein spesiell skule
- Ved oversøkning vert det laga venteliste basert på gjennomsnittet av sommarkarakterane i 10. klasse
- Dersom ein får tilbod om plass ved førsteinntaket i starten av juli, må ein ta imot denne.
- Dersom plassen ein tar imot ikkje er førsteønske, kan ein samtidig sette seg på venteliste på høgare ønske.