Klepp kommune har vedteke ei felles forskrift om skulereglar. Denne forskrifta seier og at Klepp skal ha samarbeidsutval og skulemiljøutval.
Samarbeidsutval (SU)
Samarbeidsutvalet skal bestå av to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane frå kommunen skal vere rektor. Den andre er ein politisk utnemnt representant.
Utvalet vel sjølv leiar, nestleiar og sekretær.
Samarbeidsutvalet er eit rådgjevande organ og har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.
Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker omfatta av teieplikta blir behandla.
Skulemiljøutvalet (SMU)
Kvar skule skal ha eit skulemiljøutval.
Utvalet skal bidra til at skulen, dei tilsette, elevane og føresette tar aktivt del i arbeidet med å skape eit godt skulemiljø.
Ved Klepp ungdomsskule er SU og SMU same organ, med ein ekstra elev (elevråd) og ein ekstra forelder (FAU) i SMU-saker. På denne måten kan foreldra og elevane danne eit fleirtal.
Samarbeidsutvalet (SU) og skulemiljøutvalet (SMU) har til saman 2-4 møter i skuleåret.
Sjå referat for kven som er medlemmar, leiar og nestleiar. Rektor er fast referent.
Politikar i perioden 2023-2027 er Yvonne Guldbrandsen.