Me forskar på eigen praksis for å utvikle undervisninga og sikre betre læring for alle elevar.
På ungdomsskulen jobbar lærarane/tilsette systematisk med å utvikle undervisninga gjennom arbeidsforma Lesson Study.
Dette er ein samarbeidsprosess der lærarane forskar på eigen praksis ved å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning saman. Målet er å skape betre læring for alle elevar ved å tilpasse undervisninga til deira behov og styrke lærarane sin kompetanse.
I perioden fram til vinterferien vil det gjennomførast tre forskingstimar i ulike klassar, der ein lærar gjennomfører timen, mens to-fire andre lærarar observerer kva som skjer av læring og prosessar i klasserommet. I etterkant av kvar økt blir det refleksjon og deling av kva som er observert - og ein gjer endringar og forbetringar til neste økt.
Fordelane med denne arbeidsmåten er at lærarane stadig utviklar undervisninga, elevane får auka læringsutbytte, og kunnskapen som blir skapt, blir delt i heile lærarkollegiet.
Lesson Study hjelper oss med å sikre ei undervisning i stadig utvikling – til det beste for elevane.