Meny
Velg trinn eller SFO SFO
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Åpningstider: 07:15-08.30 (Frokost til 08.00) og frå skuleslutt til 16:00.

Kontakt : Base 1 (1.klasse og morgen sfo):  994 61 122

              Base 2 (2-6.klasse):   907 99 091

             

Olaug Iren Lode, SFO leiar       

E-post: olaug.iren.lode@time.kommune.no  

Telefon: 92259299

Betalingssatsar: Nye frå 01.01.25.

2 dagar   1390 kr. Gratis for 1, 2. og 3.klasse. Matpengar 105 kr. 

3 dagar   2080 kr. Gratis for 1, 2. og 3.klasse.  Matpengar 145 kr.

4 dagar   2770 kr. 690 kr for 1, 2. og 3.klasse. Matpengar 200 kr.

5 dagar    3480 kr. 1390 kr for 1, 2. og 3.klasse. Matpengar 240 kr. 

Kjøp av ekstra dag: 305 kr.


Alle er samla på base 1, deler oss ved behov.

Hugs å gi beskjed, via visma eller sfo mobil, om barnet ikkje kjem som oppsatt innan kl 9.00 kvar dag. 


Minnar om at søknadsfristen til SFO er 1.mars for nye søkarar. 

Me markerer Samefolkets dag. Og lagar morsdag- og valentinsdag kort.

 


Samefolkets dag blir feira 6.februar kvart år. Denne dagen vart vedteken av Samekonferansen i 1992, og er felles for alle samar i Noreg, Finland, Sverige og Russland. Datoen 6. februar vart vald til minne om det første samiske landsmøtet som vart halde i Trondheim i 1917. Dette møtet var historisk viktig fordi det var første gong nord- og sørsamar frå forskjellige land samla seg for å diskutere felles saker og utfordringar.  

 

Når ein feirar samefolkets dag, eller samane sin nasjonaldag, er det vanleg å gratulera kvarandre med dagen. Dette gjer ein ved å seie:  

  • «Lihkku sámi álbmotbeivviin» på nordsamisk 

  • «Læhkoe saemiej åålmegebiejjine» på sørsamisk. 

  • «Vuorbbe sáme álmmukbiejvijn» på lulesamisk. 

  • «Vuärrbe sáme älbmukbejvijn» på pitesamisk 

  • «Šiõǥǥ saa'mi meersažpeei´v» på skoltesamisk. 

  • «Lihkuos sämij ålmagenbiejvieb» på umesamisk 

 



Informasjon om oppseiing av tilbod i SFO 
I samband med overgang til nytt skuleår er det vanleg at nokon vil endra eller seie opp tilbodet ein har i SFO. For å unngå misforståingar vil me minna om reglane som gjeld for endring/oppseiing av tilbod om SFO. Reglane for oppseiing er fastsett i §4 i “Vedtekter for skulefritidsordninga i Time kommune”. 


Ved Frøyland skule har me 2 hjartesonar der det er lagt til rette for at føresette i bil skal kunne setja av og hente elevar på ein trafikksikker måte.  

Den eine hjartesona er på parkeringsplassen ved Kvernelandsvegen (ved Frøylandsvatnet).

Den andre sona finn ein om ein køyrer inn Brekkevegen.

Skulen har fått informasjon om at nokre føresette set av elevar ved pumpehuset som ligg ved skulegjerdet og ein liten gangsti ved Kvernelandsvegen.

Dette skapar ein del farlege trafikksituasjonar.  

Me oppmodar alle føresette som skal køyre eller henta elevane i bil til å bruka dei etablerte hjartesonene for trygg av- og på stiging.