"Alle foreldre som har barn i skolen, er medlemmer av skolens foreldreråd. Foreldrerådet velger et arbeidsutvalg (FAU) som er foreldrestemmen overfor skolen. FAU skal blant annet sikre reell medvirkning fra foreldre og ha medansvar for at elevenes læringsmiljø er trygt og godt." (henta frå www.fug.no)
Valgordningar:
Det er opp til kvar enkelt skule å organisere valg av foreldrekontaktar
og representantar til FAU. Som regel skjer dette i samband med et
ordinært foreldremøte. Det er viktig at alle foreldre er godt informert
om kva det inneber å vera tillitsvalgt, og at det er ein viss
kontinuitet i arbeidsutvalget. Retningsliner for valgordningen bør vera
skriftlege og inngå i vedtektene for FAU.
FAU er hjemla i opplæringsloven § 11-4.
FAU skal representere alle foreldre ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.
Aktuelle oppgåver for FAU:
- FAU bør jobbe for et trygt og godt læringsmiljø. Trivsel er viktig for læring
- FAU kan drøfte formen på tilbakemelding elevar og foreldre får på elevanes faglege og sosiale kompetanse
- FAU kan jobbe for eit mobbefritt skulemiljø
- FAU kan ta initiativ til sosiale tiltak for elevane
- FAU kan halde kurs for foreldrekontaktar
- FAU kan halde samlingar for foreldre og lærarar
- FAU kan vera ein informasjonskanal ut til alle føresette
FAU bør samarbeide med både elevråd, skuleleiinga og tilsette.
- FAU kan
også ha kontakt med lag, organisasjonar og næringsliv i nærmiljøet.
Film:
FUG har vore med og utarbeidd filmar om samarbeid mellom heim og skule.
Filmane viser gode, praktiske eksempel på heim-skule-samarbeid både i
grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Filmane er eit hjelpemiddel
til både foreldre, lærarar og skuleleiing i heile grunnopplæringa. Dei
er dessutan eit konkret reiskap for lærarutdanninga når lærarstudentar
skal førebu seg på heim-skule-samarbeidet.
Filmen kan du sjå her: http://www.skoleipraksis.no/hjem-skole/filmer/tillitsvalgte-foreldre/
Link til foreldrerådets arbeidsutvalg LINK