Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Hovedadresse Kråvegen 2 4355 Kvernaland Telefon: 51776510 Send e-post til oss
Postadresse: Time Kommune Postboks38 4349 Bryne
Redaktør: Karen Helene Seppola
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Velkommen til Frøyland skule si heimeside. Her kan du enkelt finne informasjon som er nyttig for deg som føresett.

I menyen til høgre finn de vekeplanane og informasjon frå trinna, samarbeidsutval, SFO og skulehelsetenesta. All anna informasjon finn de i menyen til venstre.

Hugs å abonnere på nyheiter ved å trykke "abonner på nyheiter" i menyen til høgre.

Adventstida går mot slutten og det ringer snart inn til juleferie.  

20.desember er siste skuledag før jul. Denne dagen er skulen slutt kl. 11.00.  
Den halve dagen kjem av at elevane hadde ein halv skuledag på kvelden med open dag i november. SFO-er open frå kl. 11 denne dagen for dei som har plass der. 

  

Første skuledag etter jul er fredag 3.januar. Skulen startar då til vanleg tid kl. 08.30. 

Torsdag 2.januar er det planleggingsdag for skule og SFO i Time kommune. Difor er både skule og SFO stengt denne dagen.  


Skuleåret 25-26 er det 55 barn som skal starte i 1.klasse ved Frøyland skule.

Skulen og barnehagane på Kverneland, Frøyland og Orstad samarbeider for å skape  ein god overgang frå barnehage til skule og SFO.

Om ditt barn ikkje går i barnehage, kan du likevel vera med på nokre av dei bli kjent aktivitetane som barnehagane har sett i gang. Du kan ta kontakt med Kverneland barnehage for å få informasjon om kvar barnehagane møtes med alle skulestartarane.

Første treffpunkt mellom skulen og føresette er 29. januar 2025.

Velkommen til møte i aulaen på Frøyland skule kl. 18.

Før møtet får føresette invitasjon, informasjon og eit registreringsskjema i Digipost/ post. Me ber om at de fyller ut registreringsskjema, og tar det med til møtet.

 

Nokre treffpunkt og aktivitetar før skulestart

-Foreldremøte januar – informasjon om skulestart, overgangsarbeid, Visma og SFO

-Leiar frå skule og SFO besøker barnehagane i løpet av våren.

-Elevane kjem på besøksdag juni, får helse på kontaktlærar

-Foreldremøte vår og møte med kontaktlærar

 

Velkommen til Frøyland skule.

Me gleder oss til å bli kjent med deg


Turnering for 5-7.trinn, torsdag 19.desember 2024.
Også i år fortset vi tradisjonen med at elevrådet arrangerer turnering i stikkball og fotball rett før jul.






I tradisjonens tru ønskjer vi også i år å gje av vår overflod til dei som lever i krig, fattigdom og som kanskje ikkje får julegåver.

Dei som ønskjer å gje julegåver til born i Ukraina kan pakke inn klede (som er reine og heile) sko eller leiker som ein ikkje treng meir. Skriv på pakken kjønn og alder som innhaldet i pakken passer til. Vi samler inn pakkane i kyrkja den 17.desember. 

Vi levere pakkene til KPK Ukraina som tek ansvaret for å levere dei til fattige born i Ukraina.


17.desember er det julegudsteneste i Frøyland og Orstad kyrkje for elevane ved Frøyland skule. Samlinga er tilpassa aldersgruppa elevane utgjer, og er ikkje ein vanleg gudsteneste. Elevane på 3.trinn leiar samlinga og har song og skodespel. Presten er tilstades og kjem med ei helsing til slutt i samlinga.

Julegudstenesta har si forankring i overordna del av læreplanen kapittel 1.2 der det mellom anna står:

«Skolen skal gi elevene historisk og kulturell innsikt og forankring, og bidra til at hver elev kan ivareta og utvikle sin identitet i et inkluderende og mangfoldig .» Å delta på gudstjeneste eller andre tradisjonelle feiringer av høytider kan være en del av dette.”  Udir.no

Det er frivillig å vera med på gudstenester. Føresette kan be om fritak med heimel i §14-6 i lov om grunnskuleopplæringa og den vidaregåande opplæringa.
Ved Frøyland skule er føresette bede om samtykke til at elevane kan delta ved gudsteneste i skuletid via Visma flyt skule. Dersom føresette ikkje har samtykka til deltaking i gudstenesta i visma, vil elevane få eit anna tilbod ved skulen. Dersom føresette ønsker å endre samtykket, kan de gjera det og sende melding til kontaktlærar.

For dei som ikkje deltar i julegudstenesta blir det gitt eit tilbod i aldersblanda grupper der elevane lærar om norske juletradisjonar gjennom tidene, tradisjonell juleførebuing og tradisjonelle julesongar.



  <

 Refleks-uke på Frøyland skule

Vi går inn i den mørkeste tida av året og myke trafikanter er ekstra utsatt for ulykker. Frøyland skule vil derfor sette fokus på trafikksikkerhet for elevene våre, og vi oppfordrer foreldrene til å bidra med påminning og oppmuntring. Hjelp barnet ditt å huske refleks.

I ukene 48, 50 og 4 blir det reflekskonkurranse.

Hver morgen i refleks-uka teller lærere hvor mange elever i klassen som har refleks synlig på yttertøy og sekk. Den klassen som har størst andel av elever med refleks, får premie uka etter.

Vi vil også oppmuntre til bruk av hjelm for elever som sykler eller bruker sparkesykkel. Risikoen for hodeskader og tannskader øker vesentlig om en ikke har hjem og et uhell skulle skje.

 

Frøyland skule

 

Hvorfor bruke refleks?

Refleks er viktig for å øke synligheten din i mørket og redusere risikoen for ulykker. Når du bruker refleks, kan bilførere se deg på opptil 140 meters avstand, sammenlignet med bare 25-30 meter uten refleks. Dette gir bilførere mer tid til å reagere og unngå farlige situasjoner.

Typer refleks

1.      Refleksbrikker: Små, hengende reflekser som kan festes på jakker, vesker eller sekker.

2.      Refleksvester: Vester som dekker overkroppen og gir høy synlighet.

3.      Refleksbånd: Elastiske bånd som kan festes rundt armer eller ben.

4.      Integrerte reflekser: Reflekser som er sydd inn i klær eller sko.

Tips for effektiv bruk av refleks

·         Plasser refleksen lavt: Reflekser bør plasseres på ben og armer, da disse delene av kroppen er i bevegelse og lettere å se.

·         Bruk flere reflekser: Kombiner ulike typer reflekser for å øke synligheten fra alle vinkler.

·         Sjekk refleksens tilstand: Reflekser kan bli slitt over tid, så sørg for å bytte dem ut jevnlig.

Når bør du bruke refleks?

Refleks bør brukes i mørket, skumringen, og under dårlige værforhold som regn eller tåke. Det er spesielt viktig å bruke refleks i områder med dårlig gatebelysning eller der det er mye trafikk.



Det ligg ofte klede og anna utstyr i skulegarden eller i gangane på skulen som ikkje er merka med navn.

Vi vil oppfordre alle å merka alle klede evnt. utstyr med navn ,evnt tlf. nummer slik at vi kan finne eigaren.