Publisert: 11. desember 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: May Vårli Ree
Julegåver
I tradisjonens tru ønskjer vi også i år å gje av vår overflod til dei som lever i krig, fattigdom og som kanskje ikkje får julegåver.
Dei som ønskjer å gje julegåver til born i Ukraina kan pakke inn klede (som er reine og heile) sko eller leiker som ein ikkje treng meir. Skriv på pakken kjønn og alder som innhaldet i pakken passer til. Vi samler inn pakkane i kyrkja den 16.desember.
Vi levere pakkene til KPK Ukraina som tek ansvaret for å levere dei til fattige born i Ukraina.