Publisert: 03. desember 2025 | Sist endra: aldri | Forfatter: Karen Helene Seppola
Julegudsteneste
Julegudsteneste
Tysdag 16.12.2025 kl. 10 blir det julegudsteneste i Frøyland og Orstad kyrkje for elevane ved Frøyland skule. Me går trinnvis frå skulen slik at alle rekk fram i tide. Etter gudstenesta går me tilbake til skulen for å eta lunsj og halde fram med skuledagen.
Hovudinnhaldet i gudstenesta er eit julespel framført av elevane på 3 trinn. I tillegg vil presten seie noko om kva som er jula sitt bodskap.
Dei som ynskjer kan donera gåver til barn i Ukraina. Me ber om at gåva blir merkt med boy/girl og kva alder gåva passer til.
Alternativ tilbod
Skulen legg til rette for eit alternativt tilbod for dei elevane som ikkje skal vera med. Føresette kan melde frå til kontaktlærar om eleven ikkje skal vera med, ellers legg skulen til grunn samtykket som er gitt i visma.
I det alternative tilbodet skal skulen legge til rette for at elevane får tileigna seg den same kunnskapen som dei som er på julegudstenesta, men på ein annan måte. Det vil difor bli gitt opplæring i bakgrunn for julefeiringa, norske juletradisjonar i eit historisk perspektiv, samt musikkoppleving.
Anna informasjon
Alle elevar, uavhengig av religion og bakgrunn, skal få oppleva og læra om tradisjonar som er viktig i Noreg. Skulen skal gi elevane historisk og kulturell innsikt og forankring, og bidra til at kva elev kan ivareta og utvikla eigen identitet i et inkluderande og mangfaldig fellesskap . Jf. Kapitel 1.2 i overordna del av LK 2020.
Skulegudstenester er ikkje i strid med forbod mot forkynning i opplæringa.
Opplæringa skal ikkje vera forkynnande, jf. §14-5 i lov om grunnskuleopplæring. Å la elevane ta del i ein skulegudsteneste, besøke ulike gudshus under religiøse høgtider eller liknande blir ikkje rekna som forkynning eller religionsutøving. Sjå informasjon frå utdanningsdirektoratet.
Veileder om skolegudstjenester | udir.no