Publisert: 10. desember 2025 | Sist endra: 10. desember 2025 | Forfatter: Karen Helene Seppola

1.klasse 2026-2027

Informasjon til føresette som har skulestartarar i august 2026 

Skoleåret 26-27 er det 53 barn som skal starte i 1.klasse ved Frøyland skule.  

Skulen og barnehagane på Kverneland, Frøyland og Orstad samarbeider for å bidra til ein god overgang mellom skule og barnehage.  

Om ditt barn ikkje går i barnehage, kan du likevel vera med på nokre av dei bli kjent- aktivitetane" som barnehagane har sett i gang. Du kan ta kontakt med Kverneland barnehage for å få informasjon om kvar barnehagane møtes med alle skulestartarane.  

Første treffpunkt mellom skulen og føresette er 5.februar 2026 

Velkommen til møte i aulaen på Frøyland skule (Kvernhallen) kl. 18.  

Før møtet får føresette invitasjon, informasjon og eit registreringsskjema i Digipost/ post. Me ber om at de fyller ut registreringsskjema, og tar det med til møtet 

Val av målform- Nynorsk eller bokmål? 

I Time kommune er det nynorsk som er hovudmål. Det vil seia et det alltid blir oppretta nynorskklasser på alle trinn. Føresette kan ønskja bokmål til sin elev. Det er talet på elevar som vil ha bokmål som avgjerd om det blir oppretta eigen klasse. Det er Time kommune som avgjerd om og kvar det blir gitt tilbod om bokmålsklasse.  

 
På Frøyland skule har me bokmål på alle trinn fordi det er ein relativt stor del av foreldrane som ber om dette. Kven som ønsker bokmål til sin elev blir kartlagt i 2 rundar: 

  • digital spørjing i desember 

  •  Spørsmål i registreringsskjema  (til foreldremøtet i februar)  

 

 

Nokre treffpunkt og aktivitetar før skulestart 

-Foreldremøte 5. februar- informasjon om:  
Skulestart, praktisk informasjon, råd og tips til føresette, samarbeid med ulike fagområde i oppvekst, digital praksis, overgangsarbeid, Visma og SFO 

-Leiar frå skule og SFO besøker barnehagane i løpet av våren 

-8. Juni: Foreldremøte vår og møte med kontaktlærar 

-Elevane kjem på besøksdag juni saman med barnehagen, og får møte sin kontaktlærar.