Alle skular skal ha elevråd.
Det er elevrådet si oppgåve å representere elevane på skulen og andre som bestemmer på skulen.
Det betyr at viss det er noko du ikkje er fornøgd me på skulen, kan du ta opp saka i elevrådet.
Det er vanleg at kvar klasse vel sin elevrådsrepresentant i byrjinga av skuleåret. Elevrådsrepresentanten i din klasse kan ta opp saker du og klassen meiner elevrådet før ta vidare med rektor.
Du kan lese meir om elevråd og elevrådsarbeid hos elevorganisasjonane. I opplæringsloven §11-2 og §11-6 finn du reglane om elevråd.