Ved Frøyland skule har me 2 hjartesonar der det er lagt til rette for at føresette i bil skal kunne setja av og hente elevar på ein trafikksikker måte.
Den eine hjartesona er på parkeringsplassen ved Kvernelandsvegen (ved Frøylandsvatnet).
Den andre sona finn ein om ein køyrer inn Brekkevegen.
Skulen har fått informasjon om at nokre føresette set av elevar ved pumpehuset som ligg ved skulegjerdet og ein liten gangsti ved Kvernelandsvegen.
Dette skapar ein del farlege trafikksituasjonar.
Me oppmodar alle føresette som skal køyre eller henta elevane i bil til å bruka dei etablerte hjartesonene for trygg av- og på stiging.