Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid
for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn.
Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og
fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser
hos barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn.
Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute
og inne, skal vere eigna for formålet.
Skulefritidsordning Time kommune