Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Trygt og godt skulemiljø på Frøyland skule

Alle elevar har rett til eit trygt og god skulemiljø som fremmer helse, trivsel og læring.

Me vil at alle våre elevar skal oppleva ein inkluderande, trygg og god skulekvardag.  

Om de opplever dykkar barn ikkje har det trygt og godt, ønsker me at de skal melda frå til oss på skulen.

Dette gjeld og om de er usikker på om eleven dykkar har det bra i skuletida.

De kan melda frå ved å: 
- ta kontakt med kontaktlærar via app, mail eller på telefon 
- ta kontakt med ein i leiinga ved skulen 
- ring skulen på telefon 51776510  
- trykk på knappen “meld frå om mobbing” på skulen si heimeside  
(Då går ein e-post direkte til rektor)  

Når skulen har fått beskjed om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, vil me straks undersøke saka.

Me vil vera i dialog med eleven og føresette og følgje opp saka. Dette skal me gjera så raskt som mogleg og innan det har gått ei veke.

Om de opplever at me ikkje gjer nok, eller at ting tar for lang tid når de gjer beskjed, kan de klage til Statsforvaltaren i Rogaland.

Ved å følgje lenkja under får de informasjon om korleis de går fram om de vil klaga.

Ein trygg skuledag utan mobbing- Starforvalteren i Rogaland

Meir informasjon finn de på lenkjene:

Mobbing Udir.no

Trygt og godt skulemiljø for elevane i Time kommune- Hovudportal