Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Det er 1 dokumenter i arkivet.
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Erasmus+, 23-30.mars 2025

Siste veka i mars var 15 elevar og 5 vaksne frå Frøyland på utveksling til Dunkerque, heilt nord i Frankrike. Erasmus+ er verda sitt største utdanningsprogram som jobbar for personleg vekst, læring og motivasjon. Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett og gir støtte til mobilitet og samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet. Målet med vår tur, var å få innblikk i ein anna kultur og gjennom det byggja respekt og forståing.
Turen gjekk frå Sola til Schiphol og vidare med tog til Dunkerque, som ligg heilt på grensa mot Belgia. Elevane var innlosjerte hjå vertsfamilier og fekk dermed førstehåndsmøte med fransk kvardagskultur. Elevane fulgte sine vertselevar gjennom dagane og på skulen. Skuledagane varte frå kl. 08 til 17.00, noko som var uvant for våre elevar, det vart lange dagar. Unntaket var onsdagen, då elevane gjekk heim kl 12.00. Midt på dagen var det ein time lunsjpause, der vi fekk servert varm mat i kantina.
Skulen vi var på, College Guilleminot, hadde elevar frå 11 til 16 år, altså Norge sine 6-7.trinn, ungdomsskule og førsteårs vidaregåande. Der var om lag 450 elevar og 50 tilsette på skulen.
Forutan vanlege skuletimar, var vi også med på byvandring, sykkeltur til sanddynene, besøk på eit vitensenter om miljøvern, orientering i ein park og karneval på laurdagen før vi reiste heim. Både klima og natur i området minner veldig mykje om slik vi har det her på Jæren og fellesnemnaren for oss alle er Nordsjøen og det å leva ved havet.
Både matkulturen, skulekultur og fritidsaktiviteter var ting elevane fekk oppleva, som nok var ganske ulik kvardagen vi har her på Frøyland.
Heimreisa på søndagen gjekk med minibussar tilbake til Schiphol og fly heim til Sola. Når vi vel var tilbake, var det stor gjensynsglede når foreldra stod klare til å ta i mot i ankomsthallen på Sola. 

Main Image

Bilete 1 av 21